Historiografi

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Undervisninga har som mål å lære studenten om historieskrivingens og historiefagets historisitet. Gjennom å diskutere historia til historieskrivinga frå dei eldste tider til i dag, vil studenten få innblikk i ei rekkje forståingar av- og tilnærmingar til historie. Historie og historieskrivingas funksjonar vil også bli diskuterte. Ikkje minst vil undervisninga ha som mål å formidle eit globalt perspektiv på historie og historieskriving, i tillegg til det europeiske og det norske/skandinaviske. I denne samanhengen skal studenten også få ei innføring i ulike analysenivå, slik som det lokale, det regionale, det nasjonale og det transnasjonale/ globale.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten

  • kjenner til hovudlinjer i korleis historieskriving og historiefaget har endra seg både internasjonalt og i Noreg.
  • har kunnskap om ulike forståingar av historie og historieskriving, og dessutan også diskusjonar om ulike analysenivå i historiske og historiografiske tilnærmingar.

Ferdigheiter

Studenten

  • kan plassere historiske arbeid i ein historisk og historiografisk kontekst, relatere seg til eit utval av forståingar av historie og historieskriving, og dessutan ha oversikt over historiske og historiografiske analysenivå.

Generell kompetanse

Studenten

  • har kompetanse i korleis historiefaget har blitt forstått og praktisert.
  • er i stand til å kontekstualisere og historisere både fortida og forsking om fortida, og til å vurdere spørsmål om analysenivå.

Studiepoeng, omfang

15 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Masternivå

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Studiepoengsreduksjon
Emnet har fullt overlapp med HIS302L.
Krav til studierett
Emnet er ope for alle studentar som er tekne opp til eit mastergradsstudium ved UiB.
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga har form av førelesingar og/eller seminar, normalt om lag 25 undervisningstimar totalt.Undervisninga kan bli konsentrert til fyrste halvdel av semesteret.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Ingen
Vurderingsformer
6-timars skuleeksamen på inntil 3000 ord.
Karakterskala
Det blir nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.
Vurderingssemester
Haust og vår
Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 1.6. for haustsemesteret og 1.12. for vårsemesteret.

Instituttet utarbeider litteraturlister på om lag 1200 sider.

Emneevaluering
Studentane vil med jamne mellomrom bli bedne om å evaluera emnet.
Hjelpemiddel til eksamen
-
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Administrativt ansvarleg
Det humanistiske fakultet v/ Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.