Innføring i logikk

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Emnet tar sikte på å gi studentane ei forståing av grunnleggjande omgrep og teknikkar frå formell-logikk som vert nytta innan ymse greinar av informatikk. Forståing av grunnleggjande omgrep frå logikk er nyttig for alle informatikkstudentar. Særleg gir Emnet det naudsynte grunnlaget for vidare studium innan teoretisk databehandling.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap
Studenten kan:

  •  Dei grunnleggjande konsepta frå matematisk logikk, sånn som:
  1. Formell resonnement
  2. Formell semantikk
  3. avgjerlegheit (en. decidability)
    • Forholdet mellom desse: sunnheit, komplettheit, kompaktheit.

    Ferdigheiter
    Studenten kan:

    • gje korrekte logiske argument
    • finne feil i ukorrekte argument

    Generell kompetanse
    Studenten kan:

    • diskutere logiske argument og deira gyldigheit med andre
    • kommunisere dei grunnleggjande konsepta frå logikk og deira relevans med hensyn til informatikk

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor/master/ph.d.

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Litt erfaring med matematikk er ein fordel.
Studiepoengsreduksjon
I127: 10 SP
Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet www.uib.no/matnat/52646/opptak-ved-mn-fakultetet
Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga gjevast i form av førelesingar og gruppeøvingar.

Førelesing 4 timar pr. veke
Øvingar 2 timar pr. veke

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Godkjende obligatoriske oppgåver.

Obligatoriske aktiviteter er gyldige i to semester, det semesteret aktiviteten godkjennes samt det påfølgjande semesteret.

Vurderingsformer
3 timar skriftleg eksamen. Eksamen kan foregå digitalt (på datamaskin). Du finn meir informasjon på: www.uib.no/digitaleksamen. Det er høve til å gje karakter på obligatoriske oppgåver som kan inngå i sluttkarakteren.
Karakterskala
Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.
Vurderingssemester
Det er ordinær eksamen kvart semester. I semesteret utan undervisning er eksamen tidleg i semesteret.
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarleg
Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt eventuelt studierettleiar
Administrativt ansvarleg
Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet v/ institutt for informatikk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.