Islandsk grammatikk og fonetikk
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 15
- Undervisningssemester
- Haust
- Emnekode
- ISL103
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk og ev. dansk og svensk.
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Mål:
Studiet skal gje studentane god kjennskap til moderne islandsk grammatikk, fonetikk og fonologi. Studentane skal i nokon grad kunne lese og forstå islandsk tekst gjennom tekstlesing og omsetjing av tekstar av normal vanskegrad. Det vert lagt vekt på at studentane løyser oppgåver gjennom heile semesteret og får tilbakemelding på oppgåvesvara.
Innhald:
Gjennomgang av islandsk grammatikk, fonetikk og eit utval tekstar.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Studenten
- skal kunne skildre enkeltdelar av det grammatiske systemet i islandsk og samanhengen mellom dei
Ferdigheiter
Studenten
- skal kunne løyse oppgåver på en tilfredsstillande måte, lese islandsk med nokolunde riktig uttale og omsetje islandske tekstar av normal vanskegrad
Generell kompetanse
Studenten
- skal ha kunnskap om det islandske språket: grammatikk, uttale og tekstforståing
Fulltid/deltid
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga har form av førelesingar med innlagde øvingsoppgåver.
Det blir òg gitt heimeoppgåver (jf. Obligatorisk undervisningsaktivitet).
Undervisningsopplegget har som føresetnad at studentane er til stades og deltek aktivt.
Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan verte aktuelt, vil studentane få informasjon om det ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. september.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Det er obligatorisk å levere inn og få godkjent åtte av ti heimeoppgåver for å kunne ta eksamen.
Godkjend aktivitet er gyldig i undervisningssemesteret.
Vurderingsformer
Eksamenen er ei skriftleg prøve (skuleeksamen) på 6 timar.
Oppgåvene blir gitt med det som føresetnad at studentane har delteke på undervisninga.
Studenten kan skrive på norsk, dansk, svensk eller engelsk.
Karakterskala
Vurderingssemester
Litteraturliste
Pensumet er på om lag 1000 sider av normal vanskegrad.
I semesteret får studentane låne Islandsk-norsk ordbok av Ivar Orlgand og Fredrik Raastad og den islandsk-islandske ordboka Íslensk orðabók fyrir skóla og skrifstofur av Árni Böðvarsson. Studenten kan bruke desse ordbøkene på den skriftlege prøva. I tillegg vil studenten ha tilgang til islandsk-norsk ordbok på nettet. Litteraturlista vil vere klar innan 1. juli. Den emneansvarlege fastset pensumet.
Emneevaluering
Hjelpemiddel til eksamen
Det er høve til å bruke desse ordbøkene under eksamen:
- Árni Böðvarsson: Íslensk orðabók fyrir skóla og skrifstofur. Mál og menning
- Ivar Orgland og Frederik Raastad: Islandsk-norsk ordbok.