Italiensk språkhistorie og språklig variasjon
Masteremne
- Studiepoeng
- 15
- Undervisningssemester
- Haust
- Emnekode
- ITAL301
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Italiensk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Emnet skal gje inngåande kunnskap om den språkhistoriske utviklinga i Italia og til hovuddraga i dei dialektologiske og sosiolingvistiske tilhøva i landet i notid og fortid.
Det sentrale temaet for emnet er den språklege utviklinga frå tidleg mellomalder fram mot eit felles nasjonalt språk i ein språkleg kontekst som til alle tider har vore prega av mangfald.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheit og generell kompetanse:
Kunnskap Dei studentane som har gjennomført emnet,
- har inngåande kjennskap til språkutviklinga i Italia
- kjenner godt den språklege variasjonsbreidda i dagens Italia.
Ferdigheiter Dei studentane som har gjennomført emnet,
- kan forstå og gjere greie for språklege problemstillingar som vedkjem italiensk i eit vidt historisk perspektiv
- kan bruke desse kunnskapane i eit vidare studium av italiensk kultur.
Generell kompetanse Dei studentane som har gjennomført emnet,
- kan gjennomføre eit teoritisk krevjande prosjekt med mange variablar
- kan arbeide sjølvstendig med analytiske problemstillingar knytte til fagstoff
- kan kommunisere på italiensk på eit høgt nivå.
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga i emnet har form av førelesingar og seminarverksemd med øvingar.
Omfanget av undervisninga i emnet vil normalt vere ein dobbeltime førelesing (det vil seie 2 undervisningstimar) og 2 timar oppgåveseminar kvar veke i ein periode på til saman 10 veker. Undervisninga vil føregå både på campus og digitale plattformer (hybrid).
Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan undervisningstilbodet bli tilpassa studenttalet. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Det obligatoriske kravet for dette emnet er eit førebudd seminarinnlegg på omlag 20 minutt om eit oppgjeve tema. Innlegget blir vurdert til godkjent/ikkje godkjent.
Godkjenninga av det obligatoriske arbeidskravet er gyldig i det semesteret det blir gjennomført og semesteret etter.