Samfunnsvitskapleg metode

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Studentane skal gjennom kurset tileigne seg grunnleggjande kunnskap og øving innan samfunnsvitskapleg metode. Siktemålet er å gi studentane forståing for vitskaplege arbeidsmåtar som grunnlag for vidare arbeid med faget, samt å gi dei innsikt i konkrete forskingsteknikkar og korleis desse blir nytta i praksis.

Kurset gir ei generell innføring i samfunnsvitskaplege metodar, med vekt på ulike opplegg for innsamling og analyse av forskjellige typar data. I kurset vert m.a. casestudiar, komparativ metode, regresjonsanalyse og innhaldsanalyse, gjennomgått.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten kan

  • gjere greie for etiske problemstillingar i samfunnsvitskapeleg forsking
  • definere grunnleggjande omgrep i samfunnsvitskapeleg metode
  • gjere greie for ulike typar kjelder og data
  • gjere greie for eksperimentelle metodar, komparativ metode og case-studiar

Ferdigheiter 

Studenten kan

  • innarbeide etiske problemstillingar i eigne arbeid innanfor samfunnsvitskaplege disiplinar
  • organisere og presentere ulike datatypar for analysar
  • diskutere og grunngje metodeval ut frå ulike problemstillingar
  • gjennomføre kvalitative intervju, kvalitative tekstanalysar, tabellanalyse, korrelasjonsanalyse og regresjonsanalyse
  • skrive rapportar frå vitskapelege undersøkingar

Generell kompetanse 

Studenten kan

  • evaluere og kritisere samfunnsvitskapelege analysar
  • skrive faglege tekstar basert på prinsippa for akademisk skriving og god kjeldebruk

Studiepoeng, omfang

15 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust og vår 
Krav til forkunnskapar
Ingen
Studiepoengsreduksjon
  • ECON240 (3 sp)
  • MET103 (7,5 sp)
  • MET104 (7,5 sp)
  • Krav til studierett
    Emnet er ope for studentar ved UiB
    Arbeids- og undervisningsformer

    Førelesingar, seminar, kollokviegrupper og laboratoriearbeid i PC-stover.

    Talet på førelesingstimar: rundt 36

    Talet på seminar/kollokvietimar: 20-24

    Obligatorisk undervisningsaktivitet

    Innlevering av fire øvingsoppgåver, to i kvalitative og to i kvantitative metodar. Ordgrensa for kvar oppgåve er 2000 ord +/-10%, ekskludert framside, innhaldsliste, litteraturliste, tabellar og vedlegg.

    Oppgåvene er obligatoriske og skal være godkjent før studenten kan framstille seg til eksamen i emnet.

    Godkjente obligatoriske arbeidskrav er gyldig i det aktuelle semesteret samt dei to påfølgande semestra.

    Vurderingsformer

    Seks timers skriftleg skuleeksamen. 

    Eksamensoppgåva vil bli gitt på undervisningsspråket i emnet.

    Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.

    Karakterskala
    A-F
    Vurderingssemester

    Ordinær eksamen vert tilbydd vår og haust.

    Det arrangeres kontinuasjonseksamen for studenter med gyldig fravær etter § 5-5 i Studieforskriften ved UiB.

    Dersom det arrangeres kontinuasjonseksamen, er dette tilgjengelig for studenter med følgende resultat/fravær:

    • Legeattest/gyldig fravær
    • Avbrudd under eksamen
    • Stryk/ikke bestått

    Dersom du har rett til å ta kontinuasjonseksamen og det vert arrangert kontinuasjonseksamen for studentar med gyldig fravær, kan du etter 15. januar/1. august melde deg opp sjølv i Studentweb.

    Litteraturliste
    Litteraturlista vil vere klar innan 01.07 for haustsemesteret og 01.12 for vårsemesteret.
    Emneevaluering
    Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.
    Hjelpemiddel til eksamen
    Ingen
    Programansvarleg
    Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
    Administrativt ansvarleg
    Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Sosiologisk institutt har det administrative ansvaret for emnet.