Avansert mediebruksanalyse

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Målet med emnet er at studentane skal tileigne seg oppdatert kunnskap og metodiske ferdigheiter innan avansert publikumsanalyse. Emnet tek utgangspunkt i aktuelle spørsmål i samfunnet og publikumsforskinga, og studerer korleis menneske brukar og fortolkar medie- og kulturinnhald. 

Emnet vektlegg teoriar og metodar som høver for å studere bruk på tvers av medier og kulturområde, men kan òg framheve visse område, til dømes bruk av musikk , TV-serier, nyheter eller sosiale medier. Teoretiske perspektiv omfattar demokratiske, retoriske, identitetsmessige, teknologiske og sosiokulturelle dimensjonar ved kultur/mediebruk. 

Målet for emnet vert nådd gjennom ein kombinasjon av to element. For det første ein kritisk diskusjon av klassisk og ny forsking på kultur/mediebruk knytt til ei aktuell problemstilling, og metodiske og teoretiske grunnlag for forskinga. For det andre gjennomføring av eit forskingsprosjekt der studentane med innovative metodar undersøkjer visse aspekt ved kultur/mediebruk. Prosjektet vert gjennomført i grupper under rettleiing. 

Årets utgåve fokuserer på sammenhenger mellom sosial ulikhet og kultur- og mediebruk, og på sosial ulikhet som betingelse for at publikum kan bruke kultur og medier til å delta i samfunnet. Emnet har et spesielt fokus på marginaliserte grupper. 

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten

  • har avansert og oppdatert kunnskap om forsking på kultur/mediepublikum
  • har inngåande kjennskap til teoretisk, metodisk og forskingsetisk grunnlag for analyser av medie/kulturpublikum
  • kan drøfte problemstillingar om kultur/mediebruk ut frå klassisk og ny forsking
  • kan drøfte sammenhenger mellom sosial bakgrunn, kultur - og mediebruk, og demokrati

Ferdigheiter

Studenten

  • meistrar avanserte metodar for analyser av kultur/mediebruk
  • kan bidra til å organisere og utføre ein publikumstudie som prosjekt i grupper
  • kan nytte innovative metodar i forsking på kultur/mediepublikum

Generell kompetanse

Studenten

  • kan nytte avansert teori og metode i analyse av aktuelle problemstillingar om publikum
  • kan presentere eigen og andre si forsking gjennom varierte formidlingsformer
  • kan ta del i nytenking om endringar i bruk av medie- og kulturtilbud

Studiepoeng, omfang

15 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Haust
Krav til forkunnskapar
Bachelorgrad i medievitskap, medier og kommunikasjon eller tilsvarande
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Emnet er reservert for studentar på masterprogrammet i medier og kommunikasjon. Studentar ved andre masterprogram kan ta emnet etter søknad.
Arbeids- og undervisningsformer
Seminar og prosjektarbeid i grupper under rettleiing.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
  • Munnleg og skriftleg presentasjon av pensumtekst, og munnleg kommentar til ein annan student sin presentasjon.
  • Deltaking i prosjektarbeid i grupper.
  • Individuelt refleksjonsnotat frå prosjektarbeidet.
  • Godkjende arbeidskrav gyldige berre i undervisningssemesteret.

    Vurderingsformer

    Eksamen består av to deler.

    • Rapport frå prosjektarbeidet, skrive i grupper. Omlag 7000 ord. Tél 40 prosent av samla karakter.
    • Munnleg individuell eksamen. Tél 60 prosent av samla karakter.

    Eksamensoppgåva vil bli gitt på undervisningsspråket i emnet.
    Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.

    Karakterskala
    Karakterskala A-F
    Vurderingssemester

    Vurdering vert berre tilbydd i undervisningssemesteret.

    Studenter med gyldig fravær slik det er definert i UiB-forskriften § 5-5 kan søke om utsatt innleveringsfrist til eksamen.infomedia@uib.no. Søknaden må sendes før fristen for å levere er gått ut.

    Litteraturliste
    Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret.
    Emneevaluering
    Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.
    Programansvarleg
    Programrådet har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der. 
    Administrativt ansvarleg
    Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Institutt for informasjons- og medievitenskap har det administrative ansvaret for emnet.