Hovudinstrument klassisk 4

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Emnet skal førebu studenten på eit yrkesliv som musikar ved å
utvikle:

- stilistisk differensiert interpretasjonsevne
- teknisk og musikalsk ferdigheit
- eit breitt repertoar
- formidlingsevne

Emnet er sett saman av følgjande:

- eigenferdigheit
- innstuderings- og øvingsteknikk
- instrumentkjennskap/stemmefysiologi
- interpretasjons- og repertoarkunnskap
- ensemblespel
- konsert- og formidlingspraksis

Eigenferdigheit tek m.a. opp spele-/vokalteknikkar frå ulike sjangrar
og epokar, skalaer og etyder og primavistaspel/-song.


Innstuderings- og øvingsteknikk tek opp metoder for å oppnå
effektivitet i øvinga og unngå belastningsskadar.


Interpretasjons- og repertoarkunnskap tek, gjennom vurdering og
utprøving, opp ulike tolkingsmåtar knytt til relevante skular og
stilepoker.


Ensemblespel skal gje studenten erfaring med relevante ensemble av
ulik storleik. Studentar med piano, cembalo, orgel eller gitar som
hovudinstrument skal óg akkompagnere/spele continuo som ein del av
sin ensemblespelpraksis.

Læringsutbyte

Studenten i fullført emne
- viser kunstnarleg uttrykksevne.

- har høgt instrumental/vokalteknisk nivå og kan meistre framføringar av krevjande repertoar.
- viser instrumentale/vokale evner til å realisere eigne musikalske
intensjonar.
- har innstudert eit breidt repertoar og viser innsikt i ulike
stilartar og tradisjonar.
- kan jobbe målretta og sjølvstendig, åleine og saman med andre.
- kan musisere saman med andre, og kommunisere på ein konstruktiv
måte.
- har evne til å improvisere.
- dokumenterer kunnskap om og meistrer teknikkar for innstudering,
øving, prestasjonsførebuing og førebyggjing av belastningsskader.
- kan presentere og formidle musikk i ulike samanhengar.

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Undervisninga startar i haustsemesteret og går over to semester.
Krav til forkunnskapar
Bestått eksamen i emnet MUV230 eller tilsvarande.
Krav til studierett
Bachelorprogram i utøvande musikk eller komposisjon.
Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning
Undervisninga vert gjeven i form av individuell rettleiing, instrumentvis rettleiing (fellestimar), felles seminar/meisterklasser og ulike ensembleaktivitetar.

Hovudinstrumentlærar har eit særskild ansvar for å tilretteleggje ein individuell arbeidsplan og sjå til at studieplanen sine krav vert følgt.
Obligatorisk undervisningsaktivitet

- Delta på følgjande undervisning:

- individuell rettleiing med hovudinstrumentlærar
- individuell rettleiing med akkompagnatør der det er relevant
- fellesfora knytt til instrument og/eller instrumentgruppe
- ulike samspelsaktivitetar i ensemble av ulik storleik (jf. eigen semesterplan)
- prosjektveker (jf. eigen semesterplan)
- meisterklassar og seminar (jf. eigen semesterplan)

- minimum to framføringar av solistisk karakter på interne og/eller offentlege konsertar

Repertoarkrav:
- minst 90 min. solorepertoar (inkl. 45 min. frå MUV230 Hovudinstrument klassisk 3), eventuelt med akkompagnement
-Samspelrepertoar (jamfør spesifikk instrumentplan)
Repertoaret skal dokumenterast i eksamenssemesteret og leverest på eige skjema innan 15. april (ev. 15. oktober), godkjent av hovudinstrumentlærar.
Studenten gjer framlegg om eit eksamensprogram, som skal godkjennast av hovudinstrumentlærar innen 15. april (ev. 15.oktober).

All undervisning er obligatorisk.

Fråvær på meir enn 20% fører til tap av eksamensrett. Det er ein føresetnad at alle obligatoriske arbeidskrav er gjennomført og godkjent før eksamen. Godkjente obligatoriske arbeidskrav er gyldig i to semester etter gjennomføring.

Vurderingsformer

Det vert halde eksamen etter andre semester Eksamen
omfatter ei konsertframføring med repertoar på 50 minutt (kan innehalde repertoar frå MUV230)

Inntil 15 minutt av eksamen kan vere kammermusikk (normalt 3-9 utøvarar).
Ekstern sensur med ein ekstern sensor og til saman minst to
sensorar. Ein av desse kan vere studenten sin hovudinstrumentlærar.

Karakterskala
Bokstavkarakter A-F.
Litteraturliste
Det vert vist til relevant litteratur og lyttereperotar tilpassa
kvart instrument/vokalfag.
Emneevaluering
Undervisninga blir evaluert i tråd med Universitetet i Bergen sitt
kvalitetssikringssystem.