Utøvande støttedisiplin, kritisk refleksjon og formidling
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 5
- Undervisningssemester
- Haust
- Emnekode
- MUV297
- Talet på semester
- 2
- Undervisningsspråk
- Norsk og/eller engelsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Mål:
Emnet har som mål å utvikle studenten sine evner til kritisk refleksjon omkring eigen kunstnarleg praksis, med vekt på formidling og presentasjonsformer.
Innhald:
På førelesingane vil ein gå gjennom ulike presentasjonsformer og tilnærmingar til formidling av musikk. Studentane skal vurdere desse og sin eigen praksis i høve til dei. Emnet inkluderer eit obligatorisk konsertbesøk, der studenten skal vurdere presentasjonsforma (plakatar, annonser, førehandsomtale, konsertprogram eller munnleg presentasjon). Studenten skal få rettleiing i utarbeiding av programtekstar og munnlege programinnføringar.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten ..
* kjenner ulike måtar å presentere musikk
Ferdigheiter
Studenten ..
* er i stand til å gi både skriftlege og munnlege presentasjonar av eigne og andre sine program.
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning
Obligatorisk undervisningsaktivitet
- Obligatoriske førelesningar. Fråvær på meir enn 20 % fører til tap av eksamensrett.
- Eitt obligatorisk konsertbesøk
Vurderingsformer
- Ein munnleg presentasjon på om lag 10 minutt.
- Ein skriftleg presentasjon på 600-1000 ord.