Nordisk: Litterær analyse og teori

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Emnet skal auke studentane sitt medvit om ulike tilnærmingsmåtar til litterære tekstar. Pensum inneheld ei rekkje sentrale litteraturteoretiske tekstar i tillegg til nordisk samtidslitteratur. Teoritekstane vert presenterte og diskuterte, kvar for seg og i høve til kvarandre

Læringsutbyte

Kunnskap

  • identifisere og problematisere grunnleggjande litteraturteoretiske problem
  • ha oversyn over sentrale litteraturteoretiske fagtekster
  • kjenne til ulike metodiske tilnærmingar til arbeid med litterære tekstar

Ferdigheiter

  • kjenne att og ta stilling til tolkingsmønster i sentrale fagtekstar.
  • vere i stand til å produsere metodemedvitne lesingar av litterære tekstar
  • kunne utvikle eigne problemstillingar knytt til arbeidet med skjønnlitteratur
  • nytte eit relevant teoretisk omgrepsapparat

Generell kompetanse

  • drøfte ulike teoretiske problem knytt til litterære analyser
  • skrive metodemedvitne fagtekstar

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor.

Undervisningssemester

Haust og vår.

Undervisningsstad

Bergen

Krav til forkunnskapar
Ingen.
Tilrådde forkunnskapar
NOLI102 og NOLI103 eller tilsvarande.
Studiepoengsreduksjon
NOLI250-L (10 stp), NOLI210-L (10 stp), NORMAU642 (15 stp) og NOLI216 (15 stp)
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.
Arbeids- og undervisningsformer

Undervisningsmengde: om lag 24 timar førelesingar og seminar.

Seminara legg opp til høg grad av studentaktivitet.

Rettleiing på bacheloroppgåve.

Det blir ikkje gitt særskild undervisning i individuelt opplagt pensum (jf. Litteraturliste).

I haustsemesteret vil emnet ha felles undervisning med emnet NORMAU642, som er samlingsbasert. Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan verte aktuelt, vil studentane få informasjon om det ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er obligatorisk å delta med minst eitt førebudd munnleg innlegg i ein seminartime.

Det er obligatorisk å levere utkast til bacheloroppgåva og motta rettleiing på ho.

Obligatoriske aktivitetar gjeld berre i det semesteret då dei vert gjennomførte.

Vurderingsformer

Bacheloroppgåve og munnleg prøve.

Bacheloroppgåva skal ha eit omfang på inntil 5000 ord, litteraturliste og vedlegg ikkje medrekna.

Det vert sett separate karakterar på bacheloroppgåva og den munnlege prøva. Studenten må stå på begge delane i same semester for å stå i emnet. Ved utrekning av samla karakter tel bacheloroppgåva 60 % og den munnlege prøva 40 %.

Målforma på bacheloroppgåva vert fastsett ved loddtrekking etter fristen for melding til eksamen. I samsvar med nasjonale retningslinjer vert det lagt vekt på korrekt og god språkbruk.

Karakterskala
Karakterskala A-F.
Vurderingssemester
Haust og vår. Ny, tidleg eksamen påfølgande semester berre for studentar med rett til ny vurdering.
Litteraturliste

Pensumet er på ca. 1000 sider av normal vanskegrad.

Litteraturlistene vil vere klare innan 1. juli for haustsemesteret og 1. desember for vårsemesteret.

Den emneansvarlege fastset pensumet. Dersom dette overlappar i vesentleg grad med pensum som studenten har hatt før, må det leggast opp eit individuelt pensum som den emneansvarlege godkjenner.

Emneevaluering

Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Hjelpemiddel til eksamen
Ingen hjelpemiddel på den munnlege prøva.
Programansvarleg
Programstyret for nordisk
Emneansvarleg
Fagmiljøet i nordisk litteratur
Administrativt ansvarleg
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium