Kurs i norsk språk og kultur for framandspråklege studentar, trinn 2

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Norskkursa gir ikkje studiepoeng for søkjarar med norsk som morsmål.

NOR-U2 er eit kurs på mellomnivå og bygger på NOR-U1.

På kurset blir det arbeidd med tema og vokabular rundt studium og studentliv, men også med tekstar relatert til norsk kultur og aktuelle tema frå norsk samfunnsliv.

Det blir arbeidd med sentrale delar av norsk morfologi, syntaks og uttale.

Diskusjon og skriftleg fremstilling om allmenne emne inngår som viktige arbeidsformer, og studentane kan halde korte innlegg om sjølvvalde tema.

UiBs norskkurs kan kombinerast på følgjande måtar:

  1. NOR-U1 (15 sp) + NOR-U2 (15 sp) + NOR-U3 (15 sp) + NOR-U4 (10 sp)
  2. NOR-U1/2 (30 sp) + NOR-U3 (15 sp) + NOR-U4 (10 sp)

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten skal

  • kunne forstå normal norsk tale om allmenne emne og emne knytt til studium og studentliv

Ferdigheiter

Studenten skal

  • med god uttale kunne diskutere og føre samtalar på norsk om dei samme emna med basis i det ordtilfanget kurset gir
  • kunne lese autentiske tekstar med tilnærma normal vanskegrad på norsk og uttrykke seg skriftleg om tema som blir tatt opp på kurset
  • ha tileigna seg sentrale delar av norsk morfologi og syntaks

Generell kompetanse

Studenten skal

  • ha tileigna seg eit aktivt ordtilfang på ca. 2000 ord og eit noko større passivt ordtilfang
  • kunne kjenne igjen ord og uttrykk som dei har sett eller høyrt tidlegare og dels forstå innhaldet i eit ord ut frå kjennskap til norsk morfologi

Studiepoeng, omfang

15 studiepoeng.

Studienivå (studiesyklus)

Ikkje aktuelt.

Undervisningssemester

Haust/vår.

Undervisningsstad

Bergen.
Krav til forkunnskapar
NOR-U1 eller tilsvarande kunnskapar og ferdigheiter i norsk språk.
Tilrådde forkunnskapar
For å få fullt utbyte av undervisninga bør studentane meistre engelsk.
Studiepoengsreduksjon
Det er fagleg overlapp mellom NOR-U2 og NOR-U1/2. NOR-U2 kombinert med NOR-U1/2 vil derfor berre gi 30 studiepoeng til saman.
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer

Kurset har ca. 80 timar med undervisning.

Det blir forventa at studentane er førebudde og deltek aktivt i timane.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er obligatorisk frammøte på kurset. Studentar som er borte meir enn 25 %, vil ikkje få gå opp til eksamen. Studentane skal i løpet av semesteret levere minst fem skriftlege oppgåver.

Godkjenning av obligatoriske undervisningsaktivitetar er gyldig i tre semester, inkludert undervisningssemesteret og dei to påfølgjande semestra.

Vurderingsformer

Kurset blir avslutta med ein eksamen som inneheld ein munnleg og ein skriftleg del på norsk bokmål. Munnleg del av eksamen varar 15 minutt og består av ein samtale mellom eksaminator og éin eller to studentar. Den skriftlege delen er ein firetimars digital skuleeksamen som testar lytte-, lese- og skriveferdigheiter. Det blir gitt ein samla karakter. Skriftleg del av eksamen vil telje ca 2/3, og munnleg del av eksamen tel ca 1/3.

Ein kan berre ta eksamen éin gong i semesteret, og både munnleg og skriftleg del må vere bestått for at emnet skal vere bestått.

Som ein generell regel har ein tre eksamensforsøk i et emne. Dette blir regulert av Forskrift om opptak mv. ved UiB § 6.8.

Karakterskala
Karakterskala frå A til F.
Vurderingssemester
Haust/vår.
Litteraturliste
Pensumlista blir annonsert i starten av semesteret.
Emneevaluering

Emnet vil bli evaluert i tråd med instituttets retningslinjer og UiBs kvalitetssikringssystem.

Evalueringa kan gjennomførast skriftleg eller munnleg.

Hjelpemiddel til eksamen
Ingen hjelpemiddel er tillatne, verken på munnleg eller skriftleg eksamen.
Programansvarleg
Programstyret for Norskkursa.
Emneansvarleg
Programstyret for Norskkursa.
Administrativt ansvarleg
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium.