Kurs i norsk språk og kultur for framandspråklege studentar, trinn 4

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Norskkursa gir ikkje studiepoeng for søkjarar med norsk som morsmål.

NOR-U4 er for vidarekomne og bygger på NOR-U3.

Emnet skal gjere deltakarane i stand til å bruke norsk munnleg og skriftleg med god presisjon, både reseptivt og produktivt, i allmenne og faglege samanhengar. Ein vil arbeide med autentiske tekstar med eit relativt høyt språkleg nivå, ordtilfang og idiomatiske uttrykk. Ein vil ta opp ulike tema gjennom kurset, og deltakarane vil gjennom aktiv deltaking få kunnskap om og innsikt i tema som norsk språk og litteratur og nokre aktuelle samfunnsspørsmål.

UiBs norskkurs kan kombinerast på følgjande måter:

  1. NOR-U1 (15 sp) + NOR-U2 (15 sp) + NOR-U3 (15 sp) + NOR-U4 (10 sp)
  2. NOR-U1/2 (30 sp) + NOR-U3 (15 sp) + NOR-U4 (10 sp)

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten skal

  • beherske komplekse strukturar i norsk
  • ha eit ordforråd som gjer ein i stand til å forstå autentiske tekstar om allmenne og faglege problemstillingar på norsk
  • kunne oppdatere seg innan eige fagfelt og om allmenne emne

Ferdigheiter

Studenten skal

  • kunne forstå og snakke flytande om autentiske tekstar om allmenne og faglege problemstillingar på norsk
  • skal også kunne forstå meir akademiske innlegg/foredrag om faglege og allmenne emne på norsk og vere i stand til å problematisere slike
  • utan særlege vanskar forstå norske akademiske tekstar frå ulike fagfelt
  • kunne uttrykke seg skriftleg og munnleg på norsk med variert språk, idiomatikk og komplekse strukturar

Generell kompetanse

Studenten skal

  • ha gode nok språkferdigheiter til å både kunne formidle og oppdatere kunnskapane sine innan sitt eige fagområde og innan allmenne emne på både skriftleg og munnleg norsk

Studiepoeng, omfang

10 studiepoeng.

Studienivå (studiesyklus)

Ikkje aktuelt.

Undervisningssemester

Haust/vår.

Undervisningsstad

Bergen.
Krav til forkunnskapar
Karakter C eller betre frå NOR-U2/3 eller NOR-U3.
Tilrådde forkunnskapar
Ingen.
Studiepoengsreduksjon
Ingen.
Krav til studierett

For meir informasjon om opptak:

Talet på plassar er avgrensa. Dersom det er fleire kvalifiserte søkjarar enn ledige plassar, vil søkjarane bli prioriterte etter karakter oppnådd i NOR-U3.

Arbeids- og undervisningsformer

Kurset har ca. 50 timar undervisning.

Det blir forventa at studentane er førebudd og deltar aktivt i timane.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttet sine retningsliner for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan verte aktuelt, vil studentane få informasjon om det ved semesterstart, og før fristen for semesterregistrering (1. februar / 1. september).

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er obligatorisk frammøte på kurset. Studentar som er borte meir enn 25 %, vil ikkje få gå opp til eksamen. Studentane skal i løpet av kurset levere minst tre skriftlege oppgåver og halde eit innlegg om et fagleg emne.

Godkjenning av obligatoriske undervisningsaktivitetar er gyldig i tre semester, inkludert undervisningssemesteret og dei to påfølgjande semestra.

Vurderingsformer

Kurset blir avslutta med ein eksamen som inneheld ein munnleg og ein skriftleg del på norsk bokmål.

Munnleg del av eksamen varer ca. 20 minutt og er ein samtale mellom kandidat og eksaminator. Skriftleg del er ein firetimars digital skuleeksamen som testar lytte-, lese- og skriveferdigheiter.

Det blir gitt ein samla karakter. Skriftleg del av eksamen vil telje ca 2/3, og munnleg de lav eksamen tel ca 1/3. Ein kan berre ta eksamen éin gong i semesteret, og både munnleg og skriftleg del må vere bestått for at emnet skal vere bestått.

Som ein generell regel har ein tre eksamensforsøk i et emne. Dette blir regulert av Forskrift om opptak mv. ved UiB § 6.8.

Karakterskala
Karakterskala frå A til F.
Vurderingssemester
Haust/vår.
Litteraturliste
Pensumlista blir annonsert i starten av semesteret.
Emneevaluering
Emnet vil bli evaluert i tråd med instituttets retningslinjer og UiBs kvalitetssikringssystem. Evalueringa kan gjennomførast skriftleg eller munnleg.
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen hjelpemiddel er tillatne, verken på munnleg eller skriftleg eksamen.
Programansvarleg
Programstyret for Norskkursa.
Emneansvarleg
Programstyret for Norskkursa.
Administrativt ansvarleg
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium.