Lærarens profesjonsutvikling

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Emnet skal gje studenten innsikt i sentrale pedagogiske grunnlagspørsmål og korleis profesjonsteori og vitskapsteori gjev forståing for læraren si heilskaplege rolle i skulen og samfunnet.

På bakgrunn av at det i samfunnet blir stilt stadig høgare krav til lærarar sin forskingsbaserte kompetanse og ekspertise, skal studenten for det fyrste få betre innsikt i det problematiske forholdet mellom pedagogisk teori og pedagogisk praksis. For det andre vil emnet tematisere og gje rom for å diskutere tilhøvet mellom vitskap og politikk i skulen. Studenten vil difor få sjå nærare på aktørar som er til stades i utdanningssektoren og kva makttilhøve som formar syn på profesjonalitet i dagens skule, eksemplifisert gjennom fenomen som målstyring og evidensbasert praksis.

For det tredje skal studenten bli kjend med perspektiv på læraren sin profesjonelle utviklingsprosess, og få røynsle med sjølv å bruke praksisorientert forsking som verktøy i systematisk arbeid med eiga profesjonell utvikling.

Emnet tek sikte på å fremje vitskapleg danning gjennom epistemiske dygder som profesjonell dømmekraft, forståing, nyfikenheit og intellektuelt truverd.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar:

Studenten

  • har grunnleggjande kunnskap om læraren si heilskaplege rolle i samfunnet
  • har innsikt i sentrale pedagogiske grunnlagsspørsmål
  • har brei kunnskap om pedagogisk teori, vitskapsteori og profesjonsteori, samt koplingar mellom dei
  • kjenner til forskingsbaserte modellar for individuell og kollektiv profesjonell utvikling

Ferdigheiter:

Studenten

  • kan syne god pedagogisk klokskap og dømekraft i møtet med det komplekse forholdet mellom forsking og pedagogisk praksis
  • kan dokumentere og gje uttrykk for eiga profesjonell utvikling, og kunne leggje fram og grunngje utviklingsmål med støtte i teori
  • kan identifisere pedagogiske utfordringar og møte desse med støtte i teori og forskingsbasert kunnskap
  • kan gjennomføre eit sjølvstendig forskingsprosjekt knytt til eigen praksis
  • kan bidra inn i faglege diskusjonar om utøving av lærarprofesjonen

Generell kompetanse:

Studenten

  • er i stand til å syne kritisk sans når det gjeld forskingsbasert kunnskap og profesjonsutøvinga sitt forhold til vitskap og politikk
  • kan med stor grad av sjølvstende vidareutvikle eigen kompetanse åleine og i samarbeid med andre

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Universitetet i Bergen
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
.
Studiepoengsreduksjon
.
Krav til studierett
Emnet er reservert for studentar på 5-årig lektorutdanning.
Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga vert organisert som førelesingar og seminar i mindre grupper. I seminara vert det lagt vekt på studentaktive arbeidsmåtar, og det vert rekna med at studentane møter førebudd. Kvar student har tilbod om 2 timar individuell rettleiing.

Førelesningar: 6 x 2 timar

Seminar: 6 x 2 timar

Obligatorisk undervisningsaktivitet
  • Frammøte og førebudd deltaking på seminar
  • Levere ei prosjektbeskriving av eige utviklingsprosjekt på 500-1000 ord
  • Gjennomføre utviklings-/forskingsprosjekt
  • Levere eit rapportutkast til eige utviklingsprosjekt på 1500-2000 ord
  • Vurderingsformer

    I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:

    • Munnleg eksamen
    Karakterskala
    A-F
    Vurderingssemester
    Vår og haust
    Litteraturliste
    Litteraturlista vil vere klar innan 01.12. for vårsemesteret.
    Emneevaluering
    Emnet vert evaluert i tråd med Det psykologiske fakultet sine rutinar for deltakande evaluering og UiB sitt kvalitetssikringssystem.
    Hjelpemiddel til eksamen
    .
    Programansvarleg

    Det matematisk-naturvitskapelege fakultet

    Det humanistiske fakultet

    Det samfunnsvitenskapelege fakultet

    Emneansvarleg
    Institutt for pedagogikk
    Administrativt ansvarleg
    Det psykologiske fakultet
    Institutt
    Institutt for pedagogikk, Det psykologiske fakultet