Innføring i metode

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Mål:

Emnet har som mål å gje studenten ei generell kompetanse i å forstå grunntrekk ved vitskapelig forskingsmetode, inklusiv forståing for skilnaden mellom kvantitative og kvalitative metodar.

Emnet skal også gje ei innføring i ei vitskapsteoretisk tilnærming til psykologifaget.

Emnet skal formidle forståing for psykologiske forskingsmetodar. Studentane skal ha grunnleggande kunnskapar om psykologiske omgrep og operasjonalisering av desse, variabelomgrepet og målingsproblematikk. Dei skal også ha grunnkunnskapar om eksperimentelle design og ymse ikkje-eksperimentelle metodar som blant anna kasusstudiar og surveymetodar.

Innhald:

Emnet Innføring i metode skal gje studentane ferdigheiter i å forklare kva eit vitskapeleg paradigme er, gje ein oversikt over forskingsetiske dilemma og greie ut om hovudskilnadene mellom eksperimentelle og ikkje-eksperimentelle design. Studentane skal også få kunnskapar om forhold som operasjonalisering, reliabilitet, og validitet. De vil også få kunnskapar om ulike typar ikkje-eksperimentelle og eksperimentelle design.

Det blir gitt ei grunnleggjande innføring i psykologiens kjenneteikn som vitskapleg disiplin samt vitskapsfilosofiske problemstillingar knytta til psykologien. Dette inkluderer presentasjonen av demarkasjonsproblemet samt ei innføring i kjenneteikn, fordeler og ulemper ved ulike metodar som nyttas i psykologisk forsking som kasusstudiar, testar og eksperimenter.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar:

Studenten ..

  • skal ha kunne gjerne greie for kva som meinast med litteratursøk, hypotese/problemstilling, operasjonalisering, variabelomgrepet, måling, reliabilitet og validitet
  • skal kunne gjere greie for ikkje-eksperimentelle metodar som observasjon, kasusstudiar, arkivstudiar, surveymetode (inklusiv forholdet mellom utval og populasjon), feltmetodikk og intervju) og kva som kjenneteknar den eksperimentelle metode, herundar korrelasjonsomgrepet og årsaksomgrepet.
  • skal kunne gjerne rede for grunnleggande trekk ved den vitskaplege metoden (litteratur, demarkasjonsproblemet, falsifikasjonsprinsippet, operasjonalisme, essensialisme, generaliseringsproblemet, og grenseoppgangen til pseudovitenskap)

Ferdigheiter:

Studenten ..

  • kan forklare kva eit vitskapeleg paradigme er.
  • kan gje ein oversikt over etiske dilemma ved forsking.
  • kan diskutere rollen til sannsynlegheit i psykologisk forsking.
  • kan gje døme på kvalitative forskingsmetodar og deira kjennetek

Generell kompetanse

Studenten ..

  • kan selvstendig og utan hjelpemidlar gjere greie for sentrale tema, problemstillingar, kunnskap og metoder innan vitskapsteori og forskningsmetode
  • kan kritisk evaluere kvaliteten til forskningsprosjekt og påstander om samanhengar og kausalitet

Fulltid/deltid

Fulltid

Studiepoeng, omfang

5

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen.
Krav til forkunnskapar
Ingen.
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Fagleg overlapp

EXFAC03P + PSYK113 = 2 studiepoeng i reduksjon

PSYK102 + PSYK113 = 3 studiepoeng i reduksjon

PS102 + PSYK102 = 5 studiepoeng i reduksjon

PS103 + PSYK102 = 5 studiepoeng i reduksjon

PS104 + PSYK102 = 5 studiepoeng i reduksjon

PSYK202A + PSYK102 = 5 studiepoeng i reduksjon

Studiepoengsreduksjon

EXFAC03P + PSYK113 = 2 studiepoeng i reduksjon

PSYK102 + PSYK113 = 3 studiepoeng i reduksjon

PS102 + PSYK102 = 5 studiepoeng i reduksjon

PS103 + PSYK102 = 5 studiepoeng i reduksjon

PS104 + PSYK102 = 5 studiepoeng i reduksjon

PSYK202A + PSYK102 = 5 studiepoeng i reduksjon

Krav til studierett
Emnet er ope for alle med studierett ved UiB.
Arbeids- og undervisningsformer

Førelesingar i metode 9 x 2 timar, totalt 16 timar.

Seminar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet
Ingen.
Vurderingsformer
3 timars skuleeksamen der studentane skal svare på 1 av 2 oppgåver i vitskapsteori og 1 av 2 oppgåver innan kvantiativ og kvalitativ metode. På eksamen må ein svare tilfredstillande på begge oppgåver for å greie eksamen.
Karakterskala
A-F.
Vurderingssemester
Haust og vår
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.
Emneevaluering
Emnet vert evaluert i tråd med Det psykologiske fakultet sine rutinar for deltakande evaluering og UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen
Programansvarleg
Institutt for samfunnspsykologi
Emneansvarleg
Institutt for samfunnspsykologi
Administrativt ansvarleg
Det psykologiske fakultet
Institutt
Institutt for samfunnspsykologi.