Kristendommen, jødedommen og islam
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 15
- Undervisningssemester
- Haust
- Emnekode
- RELV102
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk og engelsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Mål og innhald:
Emnet har som mål at studenten gjennom studiet skal tileigna seg eit oversyn over historia til, og gode kunnskapar om kristendommen, jødedommen og islam. RELV102 er eitt obligatorisk emne i spesialiseringa i religionsvitskap, og i årsstudium religionsvitskap. Emnet kan inngå som ei sjølvstendig eining i ein bachelorgrad.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar:
Studenten
- har gode kunnskapar om kristendommen, jødedommen og islam.
Ferdigheiter:
Studenten
- har evne til å analysera fagstoff og trekka eigne slutningar.
- har evne til å skriva ein resonnerande tekst.
- har evne til å utføra samanliknande analyser av tema innafor dei tre religionane.
Generell kompetanse:
Studenten
- har generell innsikt i religionsvitskapeleg vokabular.
- har erfaring med å arbeide både sjølvstendig og i gruppe.
har erfaring med å formidla informasjon, teoriar, idear, problemstillingar og løysingar om emnet både skriftleg og munnleg.
Studiepoeng, omfang
15 studiepoeng
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Normalt 20-25 forelesingar (à to timar).
Dersom ressursane tillet det, vert det organisert arbeidsseminar med oppgåveskriving, leia av undervisningsassistentar.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Vurderingsformer
Karakterskala
Vurderingssemester
Haust.
Der er òg vurdering tidleg i vårsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske undervisningsaktivitetar.
Litteraturliste
Pensum vert utarbeidd av instituttet og er på mellom 1000 og 1200 sider. Undervisning og eksamen baserer seg på denne litteraturen.
Litteraturlista vil vere tilgjengeleg på uib.no 1. juni for haustsemesteret og 1. desember for vårsemesteret.