Samfunnskunnskapsdidaktikk 2

Årsstudium

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Fagdidaktikken handlar om kva eit skulefag er, har vore og kan vera og korleis læraren kan presentera og planleggja faget slik at elevar med ulike føresetnader og behov kan tileigna seg faget sitt kunnskapstilfang innanfor dei rammene som skulen er underlagt. For det første handlar skulefaget om kunnskapar og dugleikar som elevane treng for å kunna fungera i samfunnslivet, for andre om ein kritisk tenkjemåte som vektlegg elevane sin evne til å forsvara tanke- og ytringsfridom og perspektivrikdom, sjølvkritikk og toleranse og for det tredje om støtte til ein kommunikativ tenkjemåte som vektlegg elevane sin vilje og evne til å møta samfunnet sine mangfaldige utfordringar og til deltaking i demokratiske dialogar. Dette er sentrale element i skulen sitt allmenne dannings- og utdanningsprosjekt, og emnet skal gi eit grunnlag for læraren sitt arbeid med dette faget.

Undervisninga skal bidra til at studenten vidareutviklar kunnskapane sine om og i fag, samt lærer å planleggja, gjennomføra og vurdera kvaliteten på undervisninga og på elevane sine læreprosessar og læringsresultat.

Undervisninga i emnet skal bidra til å vidareutvikla studentane sin evne til kritisk refleksjon omkring sentrale, fagdidaktiske spørsmål, med vekt på utvikling og vurdering av det faglege innhaldet i skulefaget.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, dugleikar og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten har kunnskapar om:

  • korleis elevar si tenking om sosiale tilhøve utviklar seg
  • perspektiv på faget sin funksjon i samfunnet med særleg vekt på demokrati og globalisering
  • ulike arbeidsmåtar i samfunnskunnskap

Dugleikar

Studenten kan:

  • drøfta ulike tilnærmingar til haldningsbyggande undervisning
  • vurdera læremiddel fagleg og fagdidaktisk i samfunnskunnskap
  • formulera siktemål med undervisninga i samfunnskunnskap med utgangspunkt i forsvarlege tolkingar av læreplanane, og med utgangspunkt i perspektiv på demokrati og politisk danning planleggja og gjennomføra undervising

Generell kompetanse

Studenten kan:

  • vidareutvikla fagdidaktisk dugleik som grunnlag for å velja og for å vurdera arbeidsmåtar, lærestoff og oppgåveformer
  • utvida sin kapasitet til å bruka og kritisk vurdera ulike læremiddel som ledd i undervisninga i samfunnskunnskap
  • kan oppdater seg fagdidaktisk og delta i utviklingstiltak i skulen

Studiepoeng, omfang

5 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Undervisningssemester

Haust og vår 
Krav til forkunnskapar
SAKDI111 byggjer på SAKDI101 Samfunnskunnskapsdidaktikk 1, og på at dei to fyrste kortpraksisperiodane er godkjende.
Tilrådde forkunnskapar
Ingen 
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Emnet er reservert studentar på intergrert lektorutdanning.
Arbeids- og undervisningsformer

Fagdidaktikken skal relaterast til praksis i skulen.

Undervisninga vert organisert som førelesningar, seminar og verkstadsorientert arbeid. Det vert stilt krav til studentane om dokumentasjon og/eller framlegging av eige arbeid.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er 100% obligatorisk deltaking på ein undervisningsverkstad som vert arrangert om lag midtvegs i praksisperioden. Undervisningsverkstaden er berre obligatorisk for studentar som tar samfunnskunnskap som fag 2 i lektorutdanninga, og vert berre tilbydd om hausten i samband med langpraksis. Godkjend deltaking på undervisningsverkstad føreset framlegging av eit undervisningsopplegg til diskusjon og at ein kommenterer ein annan student sitt framlegg.

For studentar som er på utveksling vil det bli utarbeidd alternativt opplegg.

Vurderingsformer

12 timer heimeeksamen.

Eksamensoppgåva vil bli gitt på emnets undervisningsspråk.
Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk eller dansk.

Karakterskala
Bokstavkarakterar A-F
Vurderingssemester

Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret.

Det arrangeres kontinuasjonseksamen for studenter med følgende resultat/fravær fra ordinær eksamen:

  • Legeattest/gyldig fravær
  • Avbrudd under eksamen
  • Stryk/ikke bestått

Dersom du har rett til å ta kontinuasjonseksamen kan du etter 1. august melde deg opp sjølv i Studentweb.

Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og  01.12. for vårsemesteret.
Emneevaluering
Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen
Programansvarleg
Programrådet har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.  
Administrativt ansvarleg
Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Institutt for politikk og forvaltning har det administrative ansvaret for emnet.