Masterseminar i samanliknande politikk

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Kurset skal gi oversikt over og innsikt i sentral litteratur, tema og ordskifte i samanliknande politikk. Desse omfattar spørsmål knytt til samfunn, politikk og økonomi i både utviklings- og utvikla land. Studentane skal lese og diskutere viktige og kontroversielle innlegg i desse debattane og skrive eigne analyser kor dei blir oppmoda til å utvikle sjølvstendige argument. Det vil bli lagt vekt på både på den historiske utviklinga av dei sentrale debattane i disiplinen og på kva som er forskingsfronten for desse debattane i dag.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten

  • har avansert kunnskap over eit breitt spektrum av sentrale tema og akademisk litteratur i samanliknande politikk
  • har inngåande kunnskap om teori som forklarar forholdet mellom essensielle avhengige og uavhengige variablar i studiet av samanliknande politikk
  • har inngåande kunnskap om forskjellige kvalitative og kvantitative metodar som er brukt for å analysere data i samanliknande politikk
  • kan anvende kunnskap om klassisk og samtidig forsking i samanliknande politikk på samtidige forskingsspørsmål
  • kan analysere faglege problemstillingar i samanliknande politikk
  • har inngåande kunnskap om sentrale spørsmål og ulike forskingstradisjonar i samanliknande politikk og om utviklinga til faget

Ferdigheiter

Studenten

  • kan på et avansert nivå skrive korte, fokuserte, vitskaplege essays som samanfattar og analysere eit breitt spekter av relevant vitskapeleg litteratur
  • har sofistikert ferdigheiter i å samanfatte, forklare og kritisere vitskaplege argument i samanliknande politikk
  • har utvikla evna til å raskt og effektivt lese ein stor mengde avansert vitskapleg litteratur, og kan identifisere dei viktigaste argumenta og funna.

Generell kompetanse

Studenten

  • har utvikla eit profesjonelt nivå på gruppesamarbeid og debatteknikk.
  • kan bidra til nytenking og i innovasjon i forsking på forskjellige spesialiserte tema i samanliknande politikk.
  • kan formidle omfattande sjølvstendig arbeid i å lokalisere, prosessera, samanfatte, samanlikne og kommunisere avansert vitskapeleg litteratur i samanliknande politikk.
  • kan nytte kunnskapen og dugleiken sin på nye område for å gjennomføre avanserte arbeidsoppgåver og prosjekt, inkludert korte forskingsartiklar.

Studiepoeng, omfang

10 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Haust
Krav til forkunnskapar
Opptak på master i samanliknande politikk eller tilsvarande
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
For studentar som er tatt opp på masterprogram i samanliknande politikk
Arbeids- og undervisningsformer

Form: Seminar

Timar per veke: omlag 2

Tal veker: omlag 13

Totalt timar: omlag 26

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Essay (maksimum 2500 ord)

Deltaking på 80% av seminara

Vurderingsformer

Mappevurdering: To todagars essay (maksimum 2500 ord)

Dei to essaya er likt vekta, og samla karakter vil bli gitt.

Eit essay, som før er innlevert og vurdert, kan ikkje leverast inn til eksamen på nytt med mindre studenten på førehand kan dokumentere for instituttet at oppgåva har gitt svar på nye problemstillingar, og/eller at det er trekt inn nytt empirisk materiale (kjelder/data), og/eller at det er gjort ein radikalt endra analyse av tolkinga av empirien (jf. "Utfyllende grads- og studiereglement for Det samfunnsvitenskapelige fakultet").

Eksamensoppgåva vil bli gitt på emnets undervisningsspråk.
Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk eller dansk. Det er også høve til å levere på engelsk.

Karakterskala
A-F
Vurderingssemester

Eksamen tilbys i undervisningssemesteret

Det arrangeres kontinuasjonseksamen for dei delane det registreres gyldig fråværpå, dette etter § 5-5 i Studieforskriften ved UiB. Dersom det arrangeres kontinuasjonseksamen for studenter med gyldig fravær kan også studenter med følgende reslutat melde seg:

  • Avbrudd under eksamen
  • Stryk/ikke bestått

Dersom du har rett til å ta kontinuasjonseksamen og det vert arrangert kontinuasjonseksamen for studentar med gyldig fravær, kan du etter 15. januar melde deg opp sjølv i Studentweb.

Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og  01.12. for vårsemesteret.
Emneevaluering
Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.
Programansvarleg
Programrådet har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på  studieprogrammet og alle emna der. 
Administrativt ansvarleg
Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Institutt for sammenliknende politikk har det administrative ansvaret for emnet.