Fleirkulturell forståing og kommunikasjon

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Sosialantropologi er vitskapen om det kulturelle og sosiale mangfaldet i verda. Føremålet med emnet er å styrkja studentane sin kompetanse i fleirkulturell forståing og kommunikasjon på ein slik måte at dei kan nytta denne kunnskapen i sin arbeidskvardag. Det geografiske og etnografiske fokuset i emnet er særleg retta mot Afrika og Midtausten- og Noreg som innvandringsland. Kurset vil formidla grunnleggjande antropologiske innsiktar om tematikkar som familie, kjønn og slektskap, fysisk og psykisk helse, tru og religion, makt og autoritet, stat- og samfunnsorganisering, migrasjon- og traumeerfaringar, og innvandring og integrasjon. Det vil bli lagt vekt på refleksjon over studentens eigne sosiokulturelle identitet og samfunnssystem, og utøving av eigen yrkesrolle. Studentane sine eigne erfaringar og refleksjonar brukast som ein ressurs i undervisninga, og blir knytt til emnet sitt teoretiske og analytiske innhald.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

  • Ha kunnskap om korleis antropologisk kunnskap om kulturelt og sosialt mangfald er av betyding for samfunnsprosessar knytt til innvandring, integrering og fleirkulturell samhandling i Noreg.
  • Ha kunnskap om sentrale aspekt ved antropologifaget si tilnærming til kjønn, religion, familie og slektskap, sosial organisering, makt og autoritet, helse og utdanning, samt migrasjon, innvandring og integrering i dagens Noreg.
  • Kunne trekkje på sine eigne erfaringar i arbeidslivet og knytte dette opp til kursinnhaldet.

Ferdigheitar

  • Kunne anvende antropologisk kunnskap om kulturell variasjon til sjølvstendig refleksjon over det fleirkulturelle Norge.
  • Kunne reflektere over samanhengen mellom eigen yrkesutøving og antropologiske tilnærmingar til fleirkulturell kommunikasjon og forståing.
  • Kunne bruke antropologisk kunnskap om kulturelt og sosialt mangfald til å styrka kommunikasjons- og samhandlingsprosessar på arbeidsplassen og i møte med fleirkulturelle brukarar.

Generell kompetanse

  • Ha auka forståing av korleis antropologiske tilnærmingar til kulturelt og sosialt mangfald kan nyttast som eit verktøy til refleksjon, samhandling, og kommunikasjon i det fleirkulturelle Noreg.
  • Ha auka forståing om samspelet mellom menneske, kultur og samfunn i eit fleirkulturelt perspektiv.

Studiepoeng, omfang

15 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Etter- og vidareutdanning, høgare grad

Undervisningssemester

Vår
Krav til forkunnskapar
Fullført universitets- eller høgskuleutdanning på bachelornivå eller tilsvarande.
Studiepoengsreduksjon
ingen
Krav til studierett
Kurset er opent for studentar som fyller krava til forkunnskapar.
Arbeids- og undervisningsformer
Nettbasert undervisning og rettleiing, samt tre helgesamlingar gjennom semesteret. Den nettbaserte undervisninga er basert på diskusjonsforum og digitale undervisningsressursar. Studentane må pårekna tid til sjølvstudium av pensumlitteraturen, men ressursar for rettleia lesing vil bli gjort tilgjengeleg på nett. Det er obligatorisk å delta på minst éi helgesamling eller tilsvarande timetal fordelt på fleire helgesamlingar (ca 19 timar totalt), men studentane blir oppfordra til å delta i størst mogleg grad. Helgesamlingane består av førelesningar og ulike formar for gruppeoppgåver og gruppeaktivitetar. Det blir lagt stor vekt på at studentane aktivt brukar sine erfaringar frå arbeidslivet som del av felles undervisnings- og læringsprosessar.
Obligatorisk undervisningsaktivitet

Studenten skal levere inn eit obligatorisk essay (1500 ord +/- 10%) midtveges i semesteret. Oppgåveteksten er formulert som ei refleksjonsoppgåve, og studenten skal trekkja på eigne erfaringar frå arbeidslivet og knyta dette til emneinnhaldet.

Studenten vil få skrifteleg tilbakemelding samt bestått/ikkje bestått på det obligatoriske essayet. Godkjent obligatorisk essay gjev grunnlag for å gå opp til eksamen. Godkjend obligatorisk aktivitet er berre gyldig det semesteret den blir godkjend.

Det er obligatorisk å delta på minst éi helgesamling eller tilsvarande timetal fordelt på fleire helgesamlingar (ca 19 timar totalt).

Vurderingsformer

Innlevering av avsluttande oppgåve (3000 ord +/- 10%). Oppgåveteksten blir gjort kjent ved semesterstart, og studenten har rett på éi rettleiing i arbeidet med den avsluttande oppgåva. Oppgåveteksten er formulert som ei refleksjonsoppgåve, og studenten skal trekkje på sine eigne erfaringar i arbeidslivet og knytte dette opp til kursinnhaldet og pensum.

Eksamensoppgåva vil bli gitt på undervisningsspråket i emnet.
Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.

Karakterskala
Karakterskala A-F
Vurderingssemester

I dette emnet tilbys ordinær eksamen i begge semestre.

Studentar med gyldig fravær etter § 5-5 i Studieforskrifta i UiB kan søke om utsatt innleveringsfrist.

Søknaden må sendes til studieveileder.sosantr@uib.no innen innleveringsfristen.

Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og  01.12. for vårsemesteret.  
Emneevaluering
Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.
Programansvarleg
Undervisingsutvalet ved Institutt for sosialantropologi har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.  
Emneansvarleg
Iselin Åsedotter Strønen
Administrativt ansvarleg
Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Institutt for sosialantropologi har det administrative ansvaret for emnet.