Internasjonal migrasjon og etniske relasjoner
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 15
- Undervisningssemester
- Haust, Vår
- Emnekode
- SOS112
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
SOS112 er eit fordjupingsemne knytt til eitt av dei sentrale problemområda for Sosiologisk institutt sin forskingsprofil: migrasjon, miljø og utvikling. Målsetjinga med fordjupingsemna er at studentane skal bli kjent med teoritradisjonar, problemstillingar og faglege diskusjonar innanfor det valte emnet. Ei slik fordjuping vil også gi et godt grunnlag for val av tema til ei bacheloroppgåve.
Emnet gir ein introduksjon til sentrale problemstillingar, omgrep og sosiologiske perspektiv i studiet av internasjonal migrasjon og etniske relasjonar. Det leggast vekt på korleis migrasjon og etnisitet kan forståas i forhold til øvrig sosiologisk teori, både internasjonalt og nasjonalt. Korleis forstår vi dagens internasjonale migrasjonsmønstre i et historisk og globalt perspektiv? På kva slag måte utfordrast nasjonalstaten av migrasjon? På kva slags måte henger migrasjonsrelaterte manifestasjonar av "rase", etnisitet og religion saman med forandringar av våre samfunn, og korleis er dette relatert til kjønn og sosial klasse? Kva muligheiter/begrensninger følgjar av ulike ambisjonar i forhold til integrasjon og multikulturalisme som politiske målsettingar? Dette er blant de sentrale spørsmål emnet vil behandle. Emnet vil ha ein global orientering, med spesielt vekt på Europa og Noreg.
Læringsutbyte
- Gjere greie for teoriar og tenking omkring «rase», migrasjon og etnisitet.
- Gjere greie for ulike definisjonar av «rase», rasisme og migrasjon og drøfte desse i høve til ulike tidsepokar og nasjonalstatlege kontekstar.
- Drøfte og gje ein kritisk vurdering av korleis aktuelle norske debattar og forsking på IMER-feltet heng saman med forsking og teori frå andre vestlege land som USA og Storbritannia.
- Drøfte ulike aspekt ved forholdet mellom forskingsomgrep og kvardagslege samhandlingsmønstre.
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Obligatorisk innlevering av oppgave (3000 ord, +/- 10%). Oppgåva vil få kommentarar og må vere godkjent før studenten kan framstille seg for eksamen i emnet.
Godkjente obligatoriske arbeidskrav er gyldige i det aktuelle eksamenssemesteret samt det påfølgjande eksamenssemesteret.
Vurderingsformer
6 timar skuleeksamen
Eksamensoppgåva vil bli gitt på undervisningsspråket i emnet.
Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.
Karakterskala
Vurderingssemester
Eksamen vert tilbydd i undervisningssemesteret.
Det arrangeres kontinuasjonseksamen for studenter med gyldig fravær etter § 5-5 i Studieforskriften ved UiB.
Dersom det arrangeres kontinuasjonseksamen, er dette tilgjengelig for studenter med følgende resultat/fravær:
- Legeattest/gyldig fravær
- Avbrudd under eksamen
- Stryk/ikke bestått
Dersom du har rett til å ta kontinuasjonseksamen og det vert arrangert kontinuasjonseksamen for studentar med gyldig fravær, kan du etter 15. januar/1. august melde deg opp sjølv i Studentweb.