Bacheloroppgåve i sosiologi

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Hovudmålsetjinga med bacheloroppgåva er at studentane skal foreta ei sjølvstendig drøfting og analyse av ei sosiologisk problemstilling med utgangspunkt i anten sosiologisk litteratur eller eit empirisk datamateriale.

Emnet består av ei generell innføring i skriving av ei bacheloroppgåve, og ei sjølvvalt sosiologisk fordjuping som skal resultere i ei sjølvstendig skriftleg oppgåve. Oppgåva skal ta utgangspunkt i eit tema/ei problemstilling som anten vert drøfta ut frå eit eller fleire teoretiske perspektiv, tidlegare forsking eller empirisk analyse av kvantitative eller kvalitative data frå tidlegare forsking. 

Læringsutbyte

Etter gjennomføring av emnet skal studenten kunne
  • Gjere greie for relevant faglitteratur om eit eige vald tema og vise innsikt i teoretiske og metodiske problemstillingar knytt til tema.
  • Utforme ei sosiologisk problemstilling og eit opplegg for undersøkingar og analyse av eit eige valt tema.
  • Gjere eit utval og analysere ulike typar empirisk og/eller teoretisk materiale, samt disponere og framstille sjølvstendig eit skriftleg sosiologisk arbeid.
  • Gjennomføre ein sjølvstendig innsamling og analyse av relevant forskingslitteratur og empirisk materiale om eit avgrensa tema, og presentere denne analysen på ein kortfatta og oversikteleg måte.

Studiepoeng, omfang

10 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår
Krav til forkunnskapar
MET102, SOS101, SOS103-L og eit av valemna SOS105-L eller SOS113-L
Studiepoengsreduksjon
SOS202 (10 stp)
Krav til studierett
Emnet er ope for studentar på lektorutdanning på UiB
Arbeids- og undervisningsformer

Førelesingar, seminar og rettleiing. 

Ein har kun rett på rettleiing i eit semester. 

Obligatorisk undervisningsaktivitet
  • Innlevering av Temavalg med litteraturgjennomgang
  • Arbeidskravet må vere godkjent før studenten kan framstille seg for eksamen i emnet. 

    Godkjende obligatoriske arbeidskrav har ingen tidsavgrensing 

    Vurderingsformer
  • Innlevering av ei bacheloroppgåve (6000 ord, +/-10%, ekskludert framside, innhaldsliste, litteraturliste, tabellar og vedlegg)
  • Ein student har i utgangspunktet ikkje høve til å levere inn same bacheloroppgåve i SOS202-L fleire gonger. Dersom ein student ønskjer å framstille seg til ny eksamen og basere oppgåva på same tema, må kandidaten:

  • stille og gje svar på nye problemstillingar, og/eller
  • trekkje inn nye kjelder/data, og/eller
  • gjere ei radikalt endra analysedrøfting av problemstillingane/empirien.
  • Studenten må søkje instituttet om å gå opp til ny eksamen i SOS202-L. I søknaden skal studenten gjere greie for dei endringane han/ho planlegg å gjere i oppgåva.

    Instituttet ved emneansvarlege for SOS202-L, avgjer søknaden.

    Karakterskala
    Karakterskala A-F
    Vurderingssemester

    Eksamen vert tilbydd i undervisningssemesteret.

    Studentar med gyldig fravær etter § 5-5 i Studieforskrifta i UiB kan søke om utsatt innleveringsfrist. Søknaden må sendes til studieveileder.sos@uib.no innen innleveringsfristen. Det gis maksimalt 7 dagers utsatt frist.

    Litteraturliste
    Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og  01.12. for vårsemesteret.
    Emneevaluering
    Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.
    Hjelpemiddel til eksamen
    Alle
    Programansvarleg
    Programrådet har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.  
    Administrativt ansvarleg
    Det samfunnsvitenskapelige fakultet ved Sosiologisk institutt har det administrative ansvaret for emnet.