Latinamerikansk historie

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

SPLA109 gir eit oversyn over viktige hendingar og utvklingstrekk i latinamerikansk historie, med notida som utgangspunkt. Gjennom historisk tilnærming vil studentane få tematisk innsikt i aktuelle spørsmål i Latin-Amerika i det 21 århundre. Dei utvalde emna er relevante for den dagsaktuelle sitasjonen i Latin-Amerika med omsyn til politikk, økonomi og samfunnstilhøve, men heng samstundes nært ihop med den historiske utviklinga gjennom fleire århundre.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap:

Studenten

  • har kunnskap om nokre sentrale tema innan latinamerikansk politikk, økonomi og samfunn frå førkolonial tid og fram til i dag.

Ferdigheiter:

Studenten

  • har forståing for kva historiske faktorar som dannar bakgrunnen for aktuelle problemstillingar i dagens latinamerikanske samfunn og kultur.
  • har forståing for korleis ulike perspektiv pregar framstillingane av latinamerikansk historie og samfunn.
  • kan samtala om tema knytte til latinamerikansk historie, og då særleg tema frå det 20. hundreåret.
  • kan gjera greie for sentrale trekk og samanhengar i latinamerikansk historie.

Generell kompetanse

Studenten

  • kan analysera fagstoff og trekkja eigne slutningar.
  • kan demonstrera kunnskap og evne til fagleg drøfting i mindre skriftlige arbeid og munnlege presentasjonar på eit klart og korrekt spansk språk.
  • kan vidareutvikle kunnskap, dugleik og forståing gjennom vidare studium og yrkesliv.

Fulltid/deltid

Ikkje relevant

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen. Dette emnet finst òg som nettstudium (SPLA629)
Krav til forkunnskapar
Ingen formelle krav, men all undervisninga skjer på spansk og føreset gode spanskkunnskapar.
Tilrådde forkunnskapar
Spansk innføringskurs eller spanskkunnskapar på språknivå 2 frå vidaregåande skule.
Studiepoengsreduksjon
På grunn av fagleg overlapp vert studiepoenguttellinga for SPLA109 redusert med 10 studiepoeng om det vert kombinert med SPLA103, SLAN612 eller med SPLA629.
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med ein studierett ved UiB.
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga går over ein 8-10 vekers-periode, med eitt eller to seminar for veka, ettersom ressursane tillet det. Det vert gjort bruk av studentaktive læringsmetodar med stor vekt på eigenaktivitet. Det er venta at studentane førebur seg grundig til timane og gjennomfører etterarbeid og oppgåveløysing. Studentane kan også verta bedne om å førebu og leggja fram kortare presentasjonar i timane.
Obligatorisk undervisningsaktivitet

Gjennom semestert vil studentane gjennomføra fylgjande oppgåver:

- Ein podcast, som kan lagast individuelt eller gjennom samarbeid mellom to studentar

- To skriftlege oppgåver på 750-1000 ord. Oppgåvene skal skrivast på spansk.

Studentane vil få tilbakemelding på desse oppgåvene.

Vurderingsformer
Vurderingsform i emnet er ein utvida versjon på om lag 1500 ord av ei av dei to obligatoriske skriftlege oppgåvene. Oppgåva skal skrivast på spansk.
Karakterskala
Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.
Vurderingssemester
Vår. Der er òg vurdering tidleg i haustsemesteret for dei studentane som har oppfylt dei obligatoriske arbeidskrava.
Litteraturliste
Pensum (om lag 350 sider) kan inkludera oversynsverk, artiklar og kjeldetekstar. Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.
Emneevaluering
Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Ikkje relevant
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarleg
Programstyret for spansk språk og latinamerikastudium.
Administrativt ansvarleg
Det humanistiske fakultet ved institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.