Fordjuping i latinamerikansk litteratur og kultur

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

SPLA208 er eit fordjupingsemne i latinamerikansk litteratur på 10 studiepoeng. Tema for undervisninga vil variera frå semester til semester.

Studietilbodet skal leggja til rette for fordjuping i eit tema frå latinamerikansk litteratur, t.d. ein periode, ein sjanger, eit tema, ein nasjonallitteratur eller liknande.

Studentane skal ha brei generell kunnskap innanfor fagfeltet, og djupare kunnskapar innanfor eit avgrensa område. Dei skal arbeida sjølvstendig med faglege problemstillingar og halda fram eiga kompetanseutvikling og spesialisering.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap:

Studenten

  • har solid kunnskap om eit tematisk avgrensa emne innan spanskamerikansk litteratur
  • har større innsyn i kontekstuelle samanhengar, litterært og kulturelt

Ferdigheiter:

Studenten

  • har utvikla evne til å bruka relevante analyseverktøy for å tolka ulike problemstillingar som gjeld spanskamerikansk litteratur
  • har vidareutvikla den språklege kompetansen, særleg med omsyn til å gjera greie for litterære, kulturelle og fagleg meir komplekse spørsmål

Generell kompetanse:

Studenten

  • har kompetanse til å halda fram med eit masterprogram i spansk og latinamerikastudium (etter også å ha fullført andre obligatoriske og/eller valfrie fordjupingsemne).

Fulltid/deltid

Ikkje relevant

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
Ingen formelle krav, men all undervisning skjer på spansk og baserer seg på fagkunnskapar som svarar til emna på 100-nivå i spansk språk og latinamerikastudium.
Tilrådde forkunnskapar
SPLA208 legg til grunn spanskkunnskapar som svarar til emna på 100-nivå i Spansk språk og latinamerikastudium. Undervisninga byggjer vidare på SPLA108 og SPLA118.
Studiepoengsreduksjon
På grunn av fagleg overlapp vert studiepoengutteljinga for SPLA208 redusert med 10 studiepoeng om det vert kombinert med SPLA258 eller med SPLA202/252 eller med SLAN641.
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med studierett ved UiB.
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga er organisert som førelesingar/seminar, og går over ti veker med fire undervisningstimar i veka. Undervisninga fell saman med undervisninga for SPLA258.Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan undervisningstilbodet bli tilpassa studenttalet. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.
Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det blir kravd at studentane deltek på minimum 70 % av undervisninga for å få gå opp til vurdering i emnet.

Det er to obligatoriske oppgåver: ein individuell tekstkommentar og ein tekstkommentar som skal gjennomførast i samarbeid mellom to eller tre studentar. Begge oppgåvene er på ca. 350 ord og må utførast innan fristen for desse aktivitetane. Oppgåvene må vere godkjend før ein kan gå opp til endeleg vurdering i emnet.

Godkjenninga av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i undervisningssemesteret og semesteret etter.

Vurderingsformer
Vurderingsforma er ein 4-timars skuleeksamen som vert skriven på spansk. Karakteren vert sett på grunnlag av både innhald og språk. Eksamen kan bli digital.
Karakterskala
Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.
Vurderingssemester
Vår. Der er òg vurdering tidleg i haustsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav.
Litteraturliste

Pensum (om lag 600 sider) skal innehalda utvalde skjønnlitterære verk og tekstar, og dessutan litteraturvitskaplege og ¿historiske artiklar knytte til desse.

Studentane skal som hovudregel leggja opp det pensumet som ligg til grunn for undervisninga det gjeldande semesteret. Ein kan i særskilte høve få løyve til å leggja opp pensum frå tidlegare semester, men då berre etter grunngjeven søknad ved semesterstart. Kontakt Institutt for framandspråk.

Pensumutvalet har så langt det er råd ei nokolunde lik fordeling mellom kvinnelege og mannlege forfattarar.

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.

Emneevaluering
Undervisninga vert evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Studentane kan nytta eitt-språkleg og to-språkleg (t.d. norsk-spansk/spansk-norsk) ordbok godkjend av instituttet på eksamensdagen. Studentane må sjølve ta med ordbøker til eksamen, og halda seg orienterte om og retta seg etter reglane som gjeld for kontroll av ordbøkene.
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarleg
Programstyret for spansk språk og latinamerikastudium.
Administrativt ansvarleg
Institutt for framandspråk