Hjem
Arabisk
450 000 euro til prosjektet Aramaic Online

Vil redda arameisk språk

Professor Shabo Talay og Institutt for framandspråk har fått 450 000 euro for å sikra det arameiske språket turoyo ei framtid. I dag er alle arameiske språk små og står i fare for å døy ut. Med pengar frå Erasmus skal no prosjektet Aramaic Online gje nye generasjonar nettbasert opplæring i turoyo.

Born
Andre- og tredjegenerasjons innvandrar til Europa skal få opplæring i språket turoyo.
Foto/ill.:
Wikimedia Commons

Hovedinnhold

Verda er full av utryddingstruga språk. Nokre vil vera borte om få år, andre heng i ein tynn tråd om ein ser eit par generasjonar fram i tid. Det arameiske språket turoyo høyrer til i denne siste gruppa. Språket er i dag først og fremst eit munnleg språk, og det er ein av arvtakarane etter det gamle arameisk språket som ein gong var utbreidd over store område i Midtausten. No er det berre små lommer att der moderne arvtakarar etter dette språket har overlevd.

Kloster og universitet
Prosjektet Aramaic Online er eit samarbeid mellom Universitetet i Bergen, University of Cambridge, Freie Universität Berlin, Universität Leipzig og det syrisk-ortodokse St. Efremklosteret i Nederland. Klosteret er eit viktig senter ikkje berre for syrisk-ortodoks kristendom, men òg for arameisk kultur og språk, og det kan trekkja vekslar på ei stor kontaktflate med det arameiske diaspora-miljøet i Europa. Den unge erkebiskopen Mor Polycarpus Augin Aydin representerer St. Efremklosteret i samarbeidet.


Aramaic Online er koordinert av Universitetet i Bergen. Det er eitt av fem norske prosjekt som har fått støtte i 2014 som strategisk partnarskap for høgare utdanning under Erasmus+.

Nettkurs og normering
Prosjektet skal arbeida på brei front for å sikra turoyo ei framtid. I tillegg til eit nettbasert kurs på fleire nivå skal det utviklast nytt læremateriale. Prosjektet skal halda sommarskular for unge, gje opplæring til lærarar som underviser andre i språket, og organisera eit internasjonalt nettverk av ekspertar.


Fordi turoyo først og fremst lever som talemål, må prosjektet òg utvikla ei ny rettskriving. Språket har sine røter i det klassiske syriske (arameiske) språket, som ikkje lenger blir brukt som daglegspråk, men lever som liturgisk språk og i gamle bøker. Turoyo står med eitt bein i Midtausten og eitt i Europa, og prosjektet legg opp til å bruka både det latinske alfabetet og det syriske alfabetet.

Midtausten og Europa
Kjerneområdet for språket er Tur Abdin i Tyrkia og område nord i Syria. Turoyo blir her brukt av kristne minoritetsgrupper. I dag har likevel dei fleste som talar turoyo, flytta frå Midtausten og bur i land som Sverige, Tyskland og Nederland. Når færre og færre brukar språket i det gamle kjerneområdet – på grunn av utvandring, væpna konfliktar og press frå storsamfunnet – kviler mykje av framtida på skuldrene til diasporaen i Europa. Korleis kan ei innvandrargruppe ta vare på språket når andre og tredje generasjon går over til målet i det nye landet og er i ferd med å gløyma det gamle? Prosjektet Aramaic Online rettar seg først og fremst mot desse gruppene i Europa.