Hjem
Digital kultur
studietilbud

Studer digital kultur

På digital kultur lærer du korleis teknologien påverkar oss menneske.

Studer digital kultur i Bergen

Hovedinnhold

Korleis skapar vi nye estetiske sjangrar på nettet? Korleis tenker vi om personvern og overvaking til ulike tider og i ulike kulturar? Korleis kan vi bruke digitale metodar i humanistisk forsking? Kva skjer når litteratur, kunst og spel blir digitale? Kva gjer stordata med menneskesynet vårt? Kvifor er selfies så populære samtidig som dei er så forhatte?

Digital kultur er studiet av forholdet mellom teknologi og kulturen vår. Du vil få innsikt i korleis estetiske sjangrar utviklar seg i samspel med dagens teknologi. Vidare vil du få ei djupare forståing av ei breiare samfunns- og kulturutvikling som er uløyseleg knytt til teknologi. Innanfor digitale sjangrar har vi særleg fokus på elektronisk litteratur, men studiet av dataspel og digital kunst er også en del av faget vårt.

Praksis er ein viktig del av utdanninga. Du lærer grunnleggande webdesign, og du får erfaring med å kommunisere i digitale sjangrar både visuelt og tekstleg. Du får anledning til å skape digital kunst eller litteratur, og til å jobbe med digitale forskingsmetodar.

Les meir om bachelorprogrammet i digital kultur