Hjem
Historie
Studier

Masterprogram i historie

På mastergradsstudium i historie tar du steget inn i forskingsverda!

Mann les bok
Foto/ill.:
Emil W. Breistein

Hovedinnhold

Som masterstudent skal du skrive ei sjølvstendig, skriftleg masteroppgåve, basert på eit forskingsarbeid som du gjennomfører. Tema og problemstilling kan du velje sjølv, i samråd med ein rettleiar du får tildelt av instituttet. På masterstudium lærer du kva forsking i historie går ut på, og får høve til å arbeide med ein problemstilling som du brenn for. Det er mogleg å skrive spennande oppgåver om mange tema. For å få inspirasjon om kva det er mogleg å skrive om, kan du på oversikta over tidlegare masteroppgåver.

Å forske i fortida og å skrive ei masteroppgåve i historie er ein krevande, men spennande og gjevande prosess – og du er ikkje overlaten til deg sjølv. Det blir stilt høge krav til både det faglege, vitskapelege innhaldet i masteroppgåva, men også sjølve framstillingsforma er viktig. På masterseminaret du blir knytt til, får du undervegs hjelp, støtte og inspirasjon frå rettleiar, andre fagstilsette og medstudentane dine.