Hjem

Forskergruppe for forvaltningsrett

Hovedinnhold

Bilete av nokre av medlemmane i forskargruppa for forvaltningsrett

Gruppa er leia av professor Ingunn Elise Myklebust og professor Sigrid Eskeland Schütz, og er samansett av personar som arbeider med ulike forvaltningsrettslege problemstillingar.

Deltakarane i forskargruppa er mellom dei fremste i Norden på sine respektive fag­felt innanfor alminneleg og spesiell forvaltningsrett. Forskarar i gruppa som har spesialkompetanse i EU-rett, må også seiast å vere mellom dei fremste i Europa på dei spørsmåla som dei arbeider med.

Møte
Kart og forklaring over området, Dr. Holms

Møte om offentleg styring og negative servituttar i lys av nyare rettspraksis

Forskargruppa hadde møte 21. mars der vi tok utgangspunkt i servituttsaka på Geilo/Dr. Holms Hotel, innteke i LB-2021-139564.

Seminar
Flyfoto som viser brygga i ei strandsonesak frå Hordaland tingrett

Seminar om ulovlegheitsoppfølgning i strandsona 26. januar

26. januar 2023 arrangerte forskargruppa for forvaltningsrett, ved Børge Aadland, heildagsseminar om kva som er ulovlege tiltak i strandsona, oppfølgning og handlerom for skjønn.

GOVLAND
Ingunn Myklebust

GOVLAND-prosjektet er avslutta

Prosjektet GOVLAND er avslutta etter fem år. Vi har intervjua prosjektleder professor Ingunn Myklebust om prosjektet sine aktivitetar, suksessar og om vegen vidare.

NY BOK | MENNESKERETTIGHETER OG HELSE
Henrietter Sinding Aasen

Menneskerettslige utfordringer i helse- og omsorgstjenesten

Helse- og omsorgstjenesten står overfor menneskerettslige utfordringer. Professor Henriette Sinding Aasen er redaktør og forfatter av ny bok som tar opp problematikken.

Ønskjer du å skrive stormaster innan forvaltningsrett? 

Vi ønskjer til ei kvar tid å knyte til oss engasjerte studentar som vil skrive si masteroppgåve innanfor eit av våre fagområde. Som masterstudent knytt til vår forskargruppe vil du kunne få verdifullt utbyte av forskargruppa sine ressursar, både i form av tilbakemeldingar og vegleiing.