Hjem
Geokjemi & Geobiologi

Evolusjon av jorda som system

Å forstå koplinga og endringa mellom di ulike komponentane i jordas system

Hovedinnhold

Planeten vår er eit komplekst system vi kallar geosystemet. I dag forstår me kor viktig det er å ikkje berre studera dei ulike komponentane i geosystemet (litosfære-hydrosfære-atmosfære-biosfære), men også korleis dei er kopla saman, og korleis desse koplingane har endra seg. Å auke forståinga for desse samankoplingane er svært viktig for å forstå globale miljøprognosar, inkludert klimaendringar, forsuring av havet, havnivåstigning, tap av biologisk mangfald og masseutslettingar. Slike dramatiske omveltingar har funne stad fleire gonger i jordas historie. Forskarar undersøker derfor den geologiske lagrekka for å få innsikt i årsakar, konsekvensar og tidsskalaer for global endring i fortida.

Gruppa som arbeider med evolusjon av geosystemet søker ny fundamental innsikt i koplinga mellom dei ulike komponentane på ulike tidsskalaer. Dei utviklar og testar empiriske metodar for å kvantifisera komplekse interaksjonar direkte frå observasjonar, og nyttar desse metodane på geologiske data som spenner over tusenvis til fleire hundre millionar år.

Meir informasjon kan du finne på deira heimeside.

Forskinga vært utført under BFS prosjekt tildelt Dr. Bjarte Hannisdal og Arbeidspakke 5 under  K.G. Jebsen-senter for Dyphavsforskning «Geokjemiske energilandskaper og liv».