Hjem
Forskargruppe i mellomalderfilologi

Tekstsamlingar

Nordiske mellomaldertekstar er tilgjengelege i fleire digitale arkiv. Med utgangspunkt i forskargruppa blir det arbeidd aktivt med XML-koding av nordiske primærkjelder, både med tanke på transkripsjon og annotasjon.

Hovedinnhold

Menota er eit digitalt arkiv over nordiske mellomaldertekstar. Nokre er tilgjengelege på meir enn eitt nivå: i ei streng, såkalla faksimilær avskrift, i ei litt mindre streng, diplomatarisk avskrift, og i ein normalisert versjon. Nokre av tekstane inneheld også opplysningar om oppslagsform og grammatisk form for kvart enkelt ord i teksten.

Tekstane ligg i eit arkiv ordna etter handskriftssignatur. I tillegg til det ordinære arkivet er det opna eit testarkiv og eit arkiv for diplom. Tekstane i det ordinære arkivet kan lastast ned til fri bruk (CC-BY-SA 4.0).

The Menota Handbook gjev praktiske retningslinjer for koding av tekst i XML i samsvar med tilrådingane frå Text Encoding Initiative. Handboka svarar m.a. på spørsmål om koding av spesialteikn, innhaldsstrukturar, morfologiske og metriske trekk, og mykje meir. Handboka byr også på skjema til bruk under kodinga (DTD og Relax NG). Versjon 3.0 av handboka vart publisert 12. desember 2019 med bidrag frå fleire medlemmer i forskargruppa.