Hjem
Forskargruppe i mellomalderfilologi

Hannaas-førelesinga 2015

Professor Heiko Uecker holder Hannaas-førelesinga om "Bønder i slagsmål og helter i nord. Halldór Laxness og islendingesagaene."

Hovedinnhold

Vi vil gjerne invitere til Hannaas-førelesinga, som i år blir halden måndag 19. oktober kl. 10.30 i rom 400, HF-bygget. Merk det litt uvante tidspunktet! Foredragshaldaren dette året er professor emeritus Heiko Uecker frå Universitetet i Bonn. Emnet for førelesinga skulle vere av interesse for både språk- og litteraturfolk:

Bønder i slagsmål og helter i nord. Halldór Laxness og islendingesagaene.

Heiko Uecker var professor i nordisk ved Universitetet i Bonn og har aktivt vore med på å skape interesse for Noreg i Tyskland, ikke berre gjennom si forsking og undervisning, men også gjennom eit levande engasjement i den tysk-norske foreininga i Bonn, ei lang rekkje foredrag (både i Noreg og i Tyskland) og gjennom publikasjonar om norsk-tyske emne. Gjennom å hente mange forfattarar og forskarar frå Noreg til Tyskland har han vore med på å skape ei mangesidig kontaktoppbygging og bidrege til eit positivt og nyansert bilete av Noreg i vide krinsar i Tyskland. Gjennom si engasjerande undervisning har han også rekruttert mange studentar til nordiskfaget. Han har publisert både innanfor norrøn filologi og innanfor i eit breitt spekter av nyare og moderne norsk litteratur.

Torleiv Hannaas (1873-1929) var den første professoren ved det som då var Bergens Museum, knytt til morsmålsfaget. Han heldt si første førelesing 18. oktober 1918, og Hannaas-førelesinga vart innført i 1988 ved markeringa av 70-årsjubileet. Hannaas-førelesinga blir halden kvart år 18. oktober, eller på den nærmaste arbeidsdagen, av ein forskar som er knytt til ein av forskingsdisiplinane i nordiskfaget.

Etter førelesinga inviterer LLE til lunsj for foredragshaldaren, arrangørane, Hannaas-familien og andre som har lyst til å vere med. Lunsjen blir servert rett etter førelesinga, ca. kl. 12.00, i rom 435. Det er rom for 20 deltakarar på lunsjen, så om du vil vere med på denne (og det er kostnadsfritt), må du melde deg på snarast råd. Send ein epost til Ekaterina.Korosova@uib.no. Frist for påmelding er 12. oktober kl. 11.00.

 

Førelesinga er open for alle.