Hjem
Forskargruppe i mellomalderfilologi
Mat i mellomalderen

Øl, mjød og galte. Til bords med de norrøne gudene

Tom Hellers: Gudane Odin, Tor og Frøy drikk og et i mange norrøne mytar. Kva kan det fortelja oss om det førkristne samfunnet?

Øl, mjød og galte

Hovedinnhold

I ein god del av mytane kring dei heidenske gudane Odin, Tor og Frøy spelar mat og drykk ei viktig rolle. Kva drakk og åt dei? Kva kan mat- og drikkeskikkane deira fortelja oss om det førkristne samfunnet? Høyr om magiske eple som held ein ung, øl som serverer seg sjølv og andre mytar om mat – og korleis me kan forstå dei.

Tom Hellers har ei stilling ved Museum Vest, han er master i nordisk (Universitetet i Bonn) og arbeider på eit PhD-prosjekt.

Velkomen!

Arrangementet er gratis. Forskargruppe i mellomalderfilologi ved UiB og Bryggens Museum inviterer.


 

 

Om foredragsrekka

Matkultur er eit av dei mest komplekse områda i den menneskelige kulturen. Når ein forskar i historiske matkulturar, ser ein vesentlege forskjellar og endringar epokane imellom. Ingrediensar og teknologi, reglar og tradisjonar, habitus og samtalen ved bordet – alle desse endrast med tida. Følg med førelesingsrekka om mat i mellomalderen og møt spennande humanistisk forsking på ulike fagfelt!