Hjem
Forskargruppe i mellomalderfilologi
Forskergruppen presenterer

Arbeidet med Parvum Lexicon Stemmatologicum

Aidan Keally Conti & Odd Einar Haugen presenterer ein digital ressurs for klassisk og mellomalderleg filologi

Parvum Lexicon Stemmatologicum

Hovedinnhold

Aidan Keally Conti & Odd Einar Haugen: Arbeidet med Parvum Lexicon Stemmatologicum

Parvum Lexicon Stemmatologicum (PLS) er ei digital ordbok over tekniske termar innanfor stemmatologien, dvs. studiet av korleis tekstar er overleverte gjennom avskrivingsprosessar. Ordboka er oppbygd som ein Wiki og har dermed eit liknande grensesnitt som Wikipedia. PLS skil seg ut ved at det både omfattar tradisjonelle stemmatologiske termar og termar innanfor ulike numeriske metodar som no blir brukte på dette feltet. PLS vart oppretta i 2011 og vart fram til mai 2015 redigert av Odd Einar Haugen. Redaksjonen er no overteken av Caroline Macé (Frankfurt) og Philipp Roelli (Zürich), medan Odd Einar Haugen og Aidan Conti framleis er medlemmer av redaksjon, saman med Marina Buzzoni (Venezia) og Amin Hoenen (Frankfurt).

Versjon 1.0 av PLS vart publisert 13. november 2015, og den blir drifta ved Universitetet i Helsinki: https://wiki.hiit.fi/display/stemmatology/Parvum+lexicon+stemmatologicum

Redaksjonen ønskjer no å gå vidare med ei ordbok som har færre, men lengre artiklar, og som truleg vil bli utgjeven på eit ordinært forlag. Dette prosjektet ligg nokre år fram i tid.

På møtet i forskargruppa vil Aidan Conti og Odd Einar Haugen drøfte erfaringane med dette prosjektet, dei særlege utfordringane som er knytte til å spenne over humanistiske og numeriske tradisjonar, og til spørsmålet om eigna publiseringskanalar.

 

Velkommen! Forskergruppen i middelalderfilologi ved UiB inviterer.