Hjem
Forskargruppe for rettskultur
News

Høgsteretts historie kapittel 3

– Hurra! var Jørn Øyrehagen Sunde sin reaksjon då han fekk spørsmål om han ville skrive Høgsteretts historie frå 1965 til 2015.

Justisbygningen sto ferdig i 1903. Adressa er Høgsteretts plass 1.
Foto/ill.:
Høgsterett

Hovedinnhold

– Domstolane speglar samfunnet og er det pulserande hjartet i rettsstaten. Difor er rettspraksis eit felt som aldri sluttar å fascinere meg, seier ein oppglødd Øyrehagen Sunde, og er godt i gang med arbeidet.

– Høgsterett er inne i ein av dei største endringsperiodane i historia, noko som gjer dette arbeidet svært spanande, fortel han. Endringar han i stor grad tillegg ei aukande internasjonalisering av retten.

Høgsterett 200 år

I 2015 har Høgsterett vore verksam i 200 år, og til jubileet skal siste bind av høgsterettshistoria gjevast ut. Perioden 1815-1965 er allereie dekka i to bind av historikarane Nils Rune Langeland og Erling Sandmo.

– Det er Den norske domstolsadministrasjonen som er oppdragsgjevar for prosjektet, og årsaka til at dei denne gongen har vald ein jurist som forfattar, er nok at samfunnet vårt er inne i ei aukande rettsleggjering, trur Jørn Øyrehagen Sunde.

Han er professor ved Det juridiske fakultet, med rettshistorie og rettskultur som spesialfelt.

Ikkje berre bok


– Å skrive Høgsterett si historie 1965-2015 er ikkje så mykje eit bokprosjekt som eit forskingsprosjekt, forklarar Øyrehagen Sunde. Prosjektet har eit budsjett på 4 millionar som skal brukast på seminar, førelesingsrekker, bokutgjevingar og studentstipend dei neste fire åra.

Prosjektet har sete i forskargruppa for rettskultur, som Øyrehagen Sunde er leiar for, og samarbeider også med andre pågåande prosjekt ved fakultetet, med tema som Grunnlova av 1814 og dommaråtferd.

Prosjektet byggjer på ei undersøking av Høgsterett sine avgjerder frå 1965 til 2015. Mellom desse avgjerdene finn vi for juristar den kjende Kløfta-dommen frå 1976 og Bøhler-ordskurden frå 2000, og dei meir allment kjende avgjerdene i Treholt-saka og Rederiskatte-dommen frå 2010.

– I løpet av dei 50 siste åra har Høgsterett avsagt 13 000 dommar. Kvar og ein av dei er sjølvstendige. Ein må studere desse for forstå utviklinga av Høgsterett, seier Øyrehagen Sunde.

– Eg arbeider for tida med å analysere usemje i Høgsterett i den aktuelle perioden. Korleis kan ein forklare dei strukturelle endringane i usemja i Høgsterett? Er det så enkelt at det er snakk om ulike politiske preferansar dommarane mellom, ulikskap i formue, kjønn eller fødestad, eller er årsakene meir komplekse?

Den tredje statsmakt

Dei neste åra skal Øyrehagen Sunde altså forske på ei periode der det skjer store endringar i norsk Høgsterett sin funksjon i norsk rett. Høgsterett må ta stilling til stadig fleire samfunnsspørsmål.

Høgsterett er ein sentral del av den tredje statsmakta som øvste domstol. Domstolen er vidare den viktigaste produsenten av rettskjeldemateriell ved sida av Stortinget. Høgsterett spelar ei heilt sentral rolle i den norske rettskulturen, og i endringsprosessar i denne.

Øyrehagen Sunde forklarar at dette er fordi domstolane i Noreg, som i Norden og på dei britiske øyane, ved sida av å løysa konfliktar og å vere produsent av rettskjeldemateriale, også har vore ein kommunikasjonssentral for juridisk kunnskap.

– Å skrive Høgsterett si historie er dermed å skrive om den historiske og nogjeldande kjernen i norsk rett, seier han.

Internasjonalisering av retten


Høgsterett har alltid vore underordna lovgjevar. Stortinget har sett rammene for lovene, medan Høgsterett har utøva dei. Berre i einskilde saker har Høgsterett overprøvd lovgjevaren, og det som oftast i tilfelle Stortinget har gått ut over Grunnloven.

Men internasjonaliseringa av retten har endra på dette.

For på same viset som alle aspekt ved samfunnet har vorte internasjonalisert, har retten også vorte det. Dette vert særleg tydleg gjennom at sentrale menneskerettserklæringar er gjort til ein del av norsk rett saman med EU-retten.

– Den auka internasjonaliseringa av retten har delvis sett Stortinget som lovgjevar på sidelinja, medan det er Høgsterett som står for mykje av den praktiske implementeringa av lovreglar produsert utanfor Noreg i norsk rett, fortel Øyrehagen Sunde.

– Vi innordnar oss både ETFA-domstolen og menneskerettsdomstolen. Desse domstolane skal sørgje for at Noreg held sine forpliktingar. Men ordninga er slik at desse domstolane er sekundære – dei utøver berre dersom nasjonale domstolar ikkje gjer det i fyrste omgong. Dermed fører Høgsterett no kontrollen av Stortinget på langt fleire område enn dei er dekka av Grunnlova.

– Høgsterett blir dermed organet som ofte driv rettsutvikling i praksis på dei rettsområda som er dekka av dei europeiske menneskerettane og EU-retten, ikkje Stortinget, konkluderer forfattaren av Høgsteretts historie, tredje bind.