Hjem
Forskargruppe for rettskultur

Høgsterettshistorie 1965-2015

Den auka internasjonaliseringa av retten har delvis sett Stortinget som lovgjevar på sidelinja, medan det er Høgsterett som står for mykje av den praktiske implementeringa av lovreglar produsert utanfor Noreg i norsk rett. Slik ser ein at den konstitusjonelle, den rettsbrukande og den rettskulturelle rolla til Høgsterett alle kjem på spisse i ei tid då institusjonen fylle 200 år i 2015.

Justisbygningen sto ferdig i 1903. Adressa er Høgsteretts plass 1.
Foto/ill.:
Høgsterett

Hovedinnhold

Fyrsteamanuensis Nils Rune Langeland har alt skrive Høgsteretts historie 1815-1905, medan professor Erling Sandmo har skrive om perioden 1905-1965. Siste bind skal skrivast av professor Jørn Øyrehagen Sunde, og omfattar perioden 1965-2015. Kjeldematerialet omfattar godt over 75 000 avgjerder. Tema er heile det norske rettssystemet i ein rettskulturell uroperide der divergensen mellom fortid og framtid gjer at det i samtida skjer store endringar i norsk Høgsterett sin funksjon i norsk rett.

Med Grunnlova av 1814 vart det avgjort at det i Noreg skulle etablerast ein høgsterett som ei eiga og uavhengig statsmakt. Heilt frå denne domstolen vart etablert i 1815 har den vore eit viktig instrument for at dei lover som Stortinget vedtek skal verta brukt i tråd med Stortinget sin intensjon og samfunnet sine behov. Men desse to omsyn har ikkje alltid gått hand i hand, og til tider har Høgsterett underkjent lover som stridande mot Grunnlova, eller sett til sides lover fordi dei har strid mot grunnleggjande rettar, eller rett og slett tøygd lovordlyden slik at resultatet skulle verta godt. At Høgsterett slik har tatt si rolle som statsmakt på alvor har ikkje alltid vore ukontroversielt. Den auka internasjonaliseringa av retten har gjort at Høgsterett i dag er i ein periode med ein klarare konstitusjonelle profil.

Høgsterett er sjølvsagt alltid eit konstitusjonell organ, men det er bare unnataksvis at dette vert framtredande. I staden er det Høgsterett som siste instans i domstolshierarkiet, og dermed som siste appellhøve, som er den tydlegaste rolle institusjonen har. Men sidan ein i Noreg i 1863 vedtok at høgsterettsdommarar sine vota skal vera offentlege, kom Høgsterett sine dommar til å verta prejudikat. Det vil seia at dommane vert oppfatta som bindande av underrettane. Og dei vert studert og systematisert av rettsvitskapsmenn, og studert og lært av jusstudentar og praktiserande juristar. Slik produserer Høgsterett den viktigaste kjelda til gjeldande rett ved sida av Stortinget sine lover. Dette er sjølvsagt for norske juristar, men er ein praksis som er forbode i ei rad europeiske land, som til dømes Frankrike, fordi ein meiner at domstolen då går inn på lovgjevar sitt område. I Noreg har ein tatt eit meir pragmatisk standpunkt om at lovgjevar likevel ikkje klarar å lovgjev for alle rettsområde, og då får domstolane tolka lov eller fylla lovtomme rom slik at ingen konfliktar vert ståande uløyst på grunn av mangel på rettskjelder.

Høgsterett er altså ei statsmakt, og produserer den nest viktigaste rettskjelda i Noreg. Det fyrste er det normale i Europa, medan det siste, som indikert ovanfor, er ganske unormalt. I det heile er det i dag stort sett bare i Norden og på dei britiske øyane at ein har høgsterettar med ein slik funksjon. Denne delen av Europa har òg det til felles at domstolane har nytt stor tillit og autoritet  i over 700 år. Dette enkle historiske fakta kan nyttast til å illustrera at Høgsterett i Noreg ikkje bare er eit produkt av Grunnlova av 1814 og den påfølgjande rettsutviklinga, men eit produkt av den norske rettskulturen. Høgsterett spelar òg ei rettskulturell rolle i Noreg i dag gjennom å vera eit bindelegg med norsk rettshistorie, og den som skal visa veg når det gjeld bruk av internasjonal rett i Noreg i dag.