Hjem
Forskargruppe for rettskultur

Grunnlova av 1814 i skjeringspunktet mellom erfaring og visjon

Ved å studera den norske Grunnlova sin tilverknads- og verknadshistorie ønskjer ein i prosjektet ”Grunnlova av 1814 i skjeringspunktet mellom erfaring og visjon” å avdekkja grunnleggjande strukturar med relevans for konstitusjonell praksis generelt.

Foto/ill.:
Stortingsarkivet

Hovedinnhold

Grunnlova av 1814 høyrer heime i den fyrste konstitusjonelle perioden frå 1776 til juni 1814. I denne perioden vart det for fyrste gong laga grunnlover som rammeverk for dei framveksande, demokratiske nasjonalstatane. Den norske Grunnlova var den siste som vart laga i denne perioden, og den kunne dermed dra vekslar på ein alt eksisterande tradisjon. Men bakgrunnen til Grunnlova av 1814 er langt meir komplisert enn bare konstitusjonell resepsjon. I staden er det tale om eit vidt spekter av faktorar som var med å påverka tilverknaden av grunnlova. I dette prosjektet skal tre av dei undersøkjast nærare i delprosjekt: 1) eit historisk medvit om ein norsk, mellomaldersk, demokratisk konstitusjon, 2) ein eksisterande rettspraksis for å nytta naturrett og menneskerettar, og 3) lutherdomen i opplysningstida si form.

Det at Grunnlova vart formulert som den siste i den fyrste konstitusjonelle perioden før restaurasjonen, gjorde at det idémessige landskapet den vart skapt i vart radikalt omforma alt månaden etter. Verknadshistoria til Grunnlova byrja dermed med at ein tekst skriven i revolusjonsgrunnlovene si ånd skulle lesast med restaurasjonen sine briller. Dette vert undersøkt i delprosjektet om 4) grunnlovstolking frå 1814 til 1884.

Alt frå 1814 kom naturrettsleg tenking, og dermed menneskerettane, i bakgrunnen for positiv, borgarleg rett. Menneskerettane i Grunnlova vart då òg rask omtalt som borgarrettar. Likevel dukka termen menneskerettar til tider opp på 1800-talet, og då mellom annan i samband med retten til å internera sjuke ved smittefare. Ein studie av 5) individuelle borgarrettar og tryggleiken til borgarfellesskapen vil handsama nettopp denne problematikken for å få fram Grunnlova sin verknadshistorie når det gjeld menneskerettstenking i Noreg.

Med unnatak av tema 4) er dette uutforska tema i ein norsk konstitusjonell samanheng, og har vore lite påakta i ein internasjonal samanheng. Og verken i ein norsk eller ein internasjonal samanheng er det freista å 7) laga ein preliminær teori om tilhøvet mellom erfaring og visjon i ein konstitusjonell kontekst som både kan ha verdi for historisk forsking, og for å forstå samtidige konstitusjonelle prosessar