Hjem
Forskningsgruppe i samfunnsfarmasi
Ny publikasjon

Overbehandlar vi sjukeheimspasientar med diabetes?

Stipendiat Lillan Mo Andreassen har undersøkt legemiddelbruk og blodsukkerkontroll hjå sjukeheimspasientar med diabetes, og fann svært låge blodsukkerverdiar hjå fleire av pasientane.

Legemidler og utstyr til behandling og oppfølging av diabetes.
Foto/ill.:
www.colourbox.com

Hovedinnhold

Diabetes rammar stadig fleire menneske, særleg den eldre delen av befolkninga. Retningslinjer for behandling og oppfølging av diabetes hos eldre pasientar har vore mangelfulle eller lite kjent fram til no nyleg, og ein har hatt lite kunnskap om korleis ein handterer sjukdommen i norske sjukeheimar.

Ved å undersøke 742 pasientar frå 19 sjukeheimar på vestlandet, fann ho at 116 pasientar hadde kjent diabetes (16%). Tre av fire pasientar fekk blodsukkersenkande legemiddel for sin diabetes, og nesten halvparten av pasientane fekk føreskrive insulin, mange på fast basis. Ved å sjå nærare på blodsukkerverdiane til desse pasientane var det fleire ting som tyda på at noko av denne forskrivinga ikkje var naudsynt. Dei siste 4 vekene, var det 60% av pasientane som hadde ein eller fleire episodar kor dei hadde så lågt blodsukker at dei hadde hypoglykemi (føling) eller sto i risiko for å få det. Vi veit ikkje om dei hadde kliniske symptom på dette, men vi veit at hypoglykemi er vanskeleg å oppdage i desse pasientane, og det er assosiert med forverring av kognitiv funksjon, auka risiko for hjarte-kar sjukdom, og for tidleg død, fortel Andreassen.

Det same blei reflektert i målingane av langtidsblodsukker (HbA1c). Anbefalt HbA1c-verdi for eldre pasientar er i intervallet 7-8%, eller over 8% om pasienten er svært skrøpeleg. Berre ein fjerdedel av pasientane låg innanfor anbefalt intervall, og 46% låg under 7%, eit nivå som auker risko for hypoglykemi hjå desse pasientane. Lite kjennskap til dei nye retningslinjene kan vere del av forklaringa på desse funna, seier Andreassen og oppmodar samstundes til meir nyttegjering av desse. Samstundes er det viktig å hugse at dette ikkje er ei heterogen gruppe, difor bør individuelle behandlingsmål setjast, ikkje berre for HbA1c, men og for kor ofte ein bør måle pasientens blodsukker, og definere kva som er den enkelte pasient sine kritiske grenser, avsluttar ho.

Publikasjonen blei òg omtala i Dagens Medisin.

Les meir i publikasjonen «Nursing home patients with diabetes: Prevalence, drug treatment and glycemic control», publisert i tidsskriftet Diabetes Research and Clinical Practice.

Lillan Mo Andreassen blir rettleia av førsteamanuensis Reidun Kjome, professor Sverre Sandberg, førsteamanuensis Una Sølvik og Gunn Kristensen.