Hjem
Miljøtoksikologi
Nyhet

HMS-møte med curling

Helse, Miljø og Sikkerhet. Arbeid i laboratoriet krev fokus på HMS. Gode arbeidsforhold for studentar og tilsette krev fokus ikkje berre på det fysiske arbeidsmiljøet vårt men óg det psykososiale. Miljøtoksgruppa dro på curling som avslutting på HMS-møtet.

Neste
Miljøtoksgruppa på curling november 2014
Mljøtoksgruppa, inkludert gjester frå Italia og Spania, har avslutta HMS-møtet med curling. Det sosiale i gruppa er viktig for arbeidet me gjere i laben.
Foto/ill.:
Odd André Karlsen, Bio
1/2
Miljøtoksgruppa på curling november 2014
Miljøtoksgruppa på curling etter HMS-møtet. Tydleg at ikkje alle i gruppa ikkje hadde heilt med seg kva dagen eigentleg handla om....
Foto/ill.:
Odd André Karlsen, Bio
2/2
Tilbake

Hovedinnhold

Miljøtoksgruppa har hatt HMS-møte med fokus på det psykososiale arbeidsmiljøet vårt. Det sosiale er viktig for å ha eit godt arbeidsmiljø i laboratoriet, for å seinka terskelen mellom studentar og tilsette og for å gjera kommunikasjon lettare. Til dømes et me lunsj på same tidspunktet kvar dag og det er då ynskjeleg at alle tek del i lunsjen. Mange enkle spørsmål og problem kan løysast over brødskiver og kaffikoppen.

HMS-møtet vårt vart avslutta med at heile gruppa dro på Vannkanten på curling. Dette er tredje gong gruppa er på curling, og sjølv gjestene våre frå Italia og Spania hadde ingen problem med å ta opp konkurransen med oss som har gjort dette før. Is, curlingsålar og ein kost gjere ikkje akkurat underverk med balansen vår. Legg til manglande styrkevurdering og dårleg hand-augekoordinasjon, så vart det ganske underhaldande.