Hjem
Undervisningsprofesjonalitet og pedagogikk
News

Spotlight: Siv Måseidvåg Gamlem

Førsteamanuensis Siv Måseidvåg Gamlem frå Høgskulen i Volda tok med filmkamera i klasserommet for å styrke tilbakemeldingspraksisen og hausta svært gode resultat.

Førsteamanuensis Siv Måseivdvåg Gamlem har nett disputert. Ho er tilknytta forskingsgruppa Undervisningsprofesjonalitet og pedagogikk ved UiB.
Foto/ill.:
HVO/informasjonskontoret

Hovedinnhold

Gamlem er eit av medlema ved forskingsgruppa Undervisningsprofesjonalitet og pedagogikk ved UiB. Ho disputerte nyleg med avhandlinga «Tilbakemelding som støtte for læring på ungdomssteget». Ho har i dei siste fire åra forska på korleis lærarar kan styrke tilbakemeldingsinteraksjonen mellom lærar og elev med utgangspunkt i å regulerer eiga undervisning og støtte elevar si læring. Ein del av prosjektet gjekk ut på å filme eit utval lærarar og la dei få sjå sin eigen tilbakemeldingspraksis.

- Det var ei svært positiv oppleving, seier Gamlem som sjølv leia intervensjonen med seks lærarar over eit skuleår.

- Mi rolle var å vere rettleiar der eg leia jamleg workshops for lærarar, filma dei i undervisningssituasjonar og valde ut sekvensar der lærarane kunne sjå korleis dei gav tilbakemelding til sine elevar, for deretter å ha ein fagleg diskusjon som kunne hjelpe lærarane til å utvikle eigen tilbakemeldingspraksis.

 

Lærarane gjev ulik tilbakemelding

Gamlem filma også eit større utval lærarar og eit av funna i avhandlinga er at lærarane gjev  tilbakemelding av ulik kvalitet som støtte for læring til elevar basert på engasjement og måloppnåing.

- Det viste seg til dømes at lærarar i større grad gir tilbakemeldingar som emosjonell støtte til fagleg lågt presterande og/eller uengasjerte elevar, medan elevar som er engasjert i læringsaktiviteten og/eller har høg mestring får i større grad faglig støtte gjennom tilbakemeldingsinteraksjonar, seier Gamlem.

Ho meiner det er viktig at lærarane er bevisste på sin eigen praksis, og at dei med støtte frå ein ekstern part med kompetanse i vurdering kan få nye forståingar av si eiga rolle og praksis som både gagnar dei og elevane.

 

Utbredt med lite nyttige tilbakemeldingar

Gamlem meiner nøkkelen til gode læringsprosessar ligg i tilbakemeldingsinteraksjonen mellom lærar og elev.

- Det som er interessant er å sjå på kva type tilbakemelding som er utbredt. Mi forsking viser at elevane i liten grad får tilbakemelding i læringsaktivitet som støtter ei vidare faglig læring og hjelper elevane til sjølv å regulere og finne gode strategiar for eiga læring. Oftast får dei tilbakemelding på om dei har rett eller feil på oppgåva, eller berre beskjed om at dei er flinke eller at dei må skrive meir.

Gamlem seier at tilbakemeldingar som beskriv kva elevar kan gjere for å forbetre resultat vert ofte gitt skriftlig, og kjem «for seint» - etter at oppgåva og arbeidet er utført.

- Slike tilbakemeldingar er ikkje alltid nyttige i den vidare læringsprosessen dersom dei fokuserer på oppgåva og i mindre grad på strategiar, understrekar Gamlem og trekk parallellar til eit av sine førebilete på feltet:

- Royce Sadler (Universitetet i Griffith) snakkar nettopp om dette med at elevane må få tilbakemeldingar medan dei er i prosessen og få kjennskap til kvalitetskriteria ved dei oppgåvene dei skal gjere og korleis dei kan gjere det for å utvikle si eiga læring, forklarar Gamlem.

 

Lite forsking på elevers oppfatning av nytteverdi

Den nybakte førsteamanuensisen får framleis e-postar frå lærarane i forskingsprosjektet om kva dei held på med, og lærarane har ifølgje Gamlem uttrykt at dei saknar eit forum for å diskutere og utvikle sin eigen vurderingspraksis. Ho ynskjer at det skal bli eit styrka fokus på god vurderingspraksis i lærarutdanninga.

- Det er viktig fordi god vurderingspraksis regulerer både læraren si eiga undervisning i tillegg til eleven sin læringsprosess.

Ho meiner det har skjedd mykje positivt innan feltet i Noreg dei siste åra, og meiner universitets- og høgskulemiljøet kan bidra med si kompetanse inn mot skulen.

- Det er nyttig at lærarane får det blikket utanfrå og får konstruktiv hjelp til å finne si retning vidare i eiga utvikling, seier Gamlem. Samstundes er ho overraska over at det ikkje fins meir forsking på tilbakemelding i skulane.

- Det er forska på dette i nokon grad, men til dømes veldig lite på elevar sine oppfatningar av korleis tilbakemelding er nyttig for deira læring. Den eksisterande forskinga handlar i stor grad om å forske på lærarar sin praksis, og i mindre grad på korleis elevar opplever at tilbakemeldingane har nytteverdi for deira læring og utvikling.

 Såleis vart dette også eit av bidraga i doktorgradsstudien til Gamlem.