Hjem
Film, Fjernsyn og Visuell Kultur
Ny publikasjon

Den dokumentariske teikneserien

Teikneserien, animasjonsfilmen og det verkelege.

Ny publikasjon
Den dokumentariske teikneserien
Foto/ill.:
Montasje: Rune Arntsen

Hovedinnhold

Dei siste åra har det dukka opp ei rekkje teikneseriebøker som handlar om fortid, minne og identitet. Vi har fått forteljingar om andregenerasjonens oppleving av holocaust (Art Spiegelman), historiske konflikter i Bosnia og Gaza (Joe Sacco), oppvekst i Teheran i revolusjonstida (Marjane Satrapi) og om seksuell legning (Alison Bechdel).
Teikneseriebiografiar har utvida og fornya forståinga vår av kva sjangeren kan romme (Steffen Kverneland). Og teikna filmar, som Ari Folmans Vals med Bashir, utforskar individuelle og kollektive traume, ofte med slektskap til litteraturen.

«Den dokumentariske teikneserien» utvidar forståinga av kor komplekse slike verbalvisuelle uttrykk kan vere, og kva dei kan utrette når dei gjer bruk av imaginasjonskraft og kunstnarleg virtuositet for å fortelje om noko som verkeleg har hendt. Korleis blir dette gjort? Kva fører slike forteljemåtar med seg av estetisk, etisk og politisk karakter?

Øyvind Vågnes er medlem av Nomadikon, en tverrfaglig forskningsgruppe for bildestudier og visuell estetikk.

Den dokumentariske teikneserien - ISBN: 9788215023724 - Øyvind Vågnes - Universitetsforlaget - 2014