Hjem
Forum for vitenskap og demokrati

Økonomikrise – kunnskapskrise?

Kva er det dronning Elisabeth II og Roman Linneberg Eliassen har til felles?

Forside av boken Hysj, vi regner
Foto/ill.:
Manifest forlag

Hovedinnhold

Begge undrar seg over kvifor økonomar ikkje forstår røynda. Då dronninga vitja London School of Economics i november 2008, stilte ho eit spørsmål som seinare har gått verda rundt når finanskrisa blir diskutert: «How come nobody could forsee it?»

Åtte månader seinare, og etter eit seminar arrangert av British Academy for dei fremste økonomane, kom svaret: «Your Majesty (...) the failure to foresee the timing, extent and severity of the crisis and to head it off, while it had many causes, was principally a failure of the collective imagination of many bright people, both in this country and internationally, to understand the risks of the system as a whole.»    

Den slags sjølkritikk var fråverande då Eliassen tok fatt på masterstudiet i økonomi ved Universitetet i Bergen, nettopp hausten 2008. Ikkje eitt ord vart sagt om finanskrisa under førelesingane. Denne erfaringa inspirerte han til å skrive boka «Hysj, vi regner» (2016). Her tar han til orde for at faget må fornyast og tilpassast utfordringane den moderne kapitalismen står overfor.

Kommentatorar:  
Førsteamanuensis (emeritus), Rune Skarstein, NTNU
Professor Alf Erling Risa, UiB

Møteleiar: Tor Halvorsen