Hjem
Institutt for filosofi og førstesemesterstudier
Filosofi og retorikk

Doxa og episteme

Workshop og oppstartsmøte i Nordisk nettverk for filosofi og retorikk .

Krakkelert is som kan se ut som om det avbilder et hundehode med teksten Doxa og Episteme over
Foto/ill.:
Vigdis Kvam

Hovedinnhold

I drøftingar av tilhøvet mellom filosofi og retorikk har omgrepsparet doxa og episteme – ofte omsett som «meining» og «innsikt» – alltid vore sentralt. Det ligg òg under spørsmål i samfunnsdebatten, til dømes når det vert sagt at «einkvar har rett til si eiga meining, men ikkje til sine eigne fakta». Det skiljet ein då dreg vekslar på, kan ein ut frå retorikken skjøna som eit skilje mellom det diskutable og det udiskutable; ut frå filosofien kan ein til dømes skjøna det som eit skilje mellom det subjektive og det objektive. Eit grunnproblem i tilhøvet mellom filosofi og retorikk er om ein av innfallsvinklane er meir grunnleggjande enn den andre – og om spenninga mellom filosofi og retorikk er best forstått som konflikt eller komplementaritet.  Det overordna emnet for workshopen gjer det mogleg å undersøkja samanhengar mellom klassiske og moderne drøftingar, og mellom teoretiske og praktiske perspektiv, også med aktualiserande siktemål (til dømes kulturanalytiske og politiske).

 «Key-note-speaker» er Mats Rosengren, filosof og professor ved Uppsala universitet, som mellom anna har skrive boka Doxologi – en essä om kunskap (2002, 2008, fransk utgåve 2011).  Forskarar tilknytta nettverket vil bli invitert til å presentera «work-in-progress».

Førebels program:

Tirsdag 22. mai

09.30:            Kaffi og velkomst

10.00-11.00:  Mats Rosengren: «Doxologi och epistemologi»

11.00-11.30:  Diskusjon

11.30-12.30:  Ingmar Meland: «Retorisk eller/og filosofisk antropologi – Blumenberg og Cassirer»

12.30-14.00:  Lunsj

14.00-18.00:  «Work in progress»-seminar:

14.00-14.45: Giorgio Baruchello, Háskolinn á Akureyri, Island: «Rhetoric in Pareto’s Mind & Society»

15.00-15.45: Ratna Kamsvåg, Handelshøyskolen BI, Oslo: «Too Close to Call - makt og mening i finansmarkedet»

16.15-17.00: Erik Bengtson, Uppsala: «Doxa and Episteme? The major misconception about Plato's Gorgias»

17.15-18.00: Diskusjon

19.00:            Middag (Naboen restaurant)

 

Onsdag 23. mai

09.00-11.00: «Work in progress»-seminar (framhald):

09.15-10.00: Hans Marius Hansteen, Bergen: «Filosofi og politikk i lys av Ricoeurs Lectures on Ideology and Utopia»

10.15-11.00:  Lars Petter Storm Torjussen, Bergen: «Konflikten mellom filosofi (vita contemplativa) og retorikk (vita activa): historisk bakgrunn og institusjonalisering i den høyere utdanning»

11.15-12.30:   Konstituering av nettverket, drøfting av planar og aktivitetar.

12.30-13.30:   Lunsj

13.30-15.30:   Prosjektutvikling