Hjem
Institutt for fremmedspråk

IT-utstyr - stipendiatar

Hovedinnhold

Instituttet betalar datamaskin til nye stipendiatar, og stipendiaten kan sjølv velja anten PC eller Mac.

Sjå under IT-innkjøp


Utstyret som blir kjøpt inn, er UiB sin eigedom. Dette gjeld òg når utstyret er finansiert av driftsmidlane til stipendiaten.


Stipendiatar som ønskjer å overta it-utstyr (berbar datmaskin, nettbrett el.a.) etter at stipendperioden er over, kan ta kontakt med administrasjonssjefen ved instituttet. Dersom instituttet ikkje treng utstyret, kan stipendiaten få kjøpa det. I så fall er prisane desse:


-    Utstyr under 2 år blir selt til femti prosent av innkjøpsprisen
-    Utstyr som er mellom 2 og 4 år gamalt, blir selt til 30 prosent av innkjøpsprisen
-    Utstyr eldre enn 4 år kan overtakast gratis


Berbare pc-ar må avinstallerast og installerast på ny når dei går ut av UiB-systemet, elles vil dei etter kvart fungera dårleg.  Dette må den som tek over maskina, sjølv syta for.