Hjem
Institutt for geografi
ALUMNI

Prosjektleiar i Frivilligsentralen i Stord kommune

Oda Totland Bongom tok tilfelding nokre geografiemne på UiB, men etterkvart som ho forstod kva geografi var interesserte det ho meir og meir. Ho avslutta mastergraden i geografi våren 2016.

Hovedinnhold

Særleg mastergraden gjorde meg meir sjølvstendig, som igjen har gitt meg betre sjølvtillit i arbeidslivet. Eg lærte mykje både av feltarbeidet, men òg av skriveprosessen og arbeidsmengda som ligg i ei så stor oppgåve.

Eg hadde tatt eit årsstudium i sosiologi, og synes det var svært spanande. Likevel var eg på jakt etter noko litt anna. Eg byrja på ein bachelor i Miljø- og ressursfag, og hamna fort i retninga mot geografi. Geografiemna tok føre seg både naturen og miljøet, samt mennesket og samfunnet. Kombinasjonen gjorde at eg ikkje følte eg hadde valt ein studieretning, men heller fekk høve til å læra om veldig mykje forskjellig.

Geografistudiet har eit varmt og inkluderande miljø

Sjølv om eg teoretisk sett berre har studert ved institutt for geografi i to år, har eg likevel ei kjensle av at det er der eg har gått heile vegen. Studentar, studievegleiar, studieassistentar og professorar har alle vore svært hyggelege. Nokre av mine beste minner frå studietida ved geografi er regionalgeografisk feltkurs i Sogndal i 2014 (der me studerte ”bohem entreprenørskap”), lange dagar på masterlesesalen saman med andre fortvilte studentar, hytteturar og kveldar på byen.

Masteroppgåve om kvinnelege entreprenørar

I masteroppgåva mi studerte eg kvinnelege entreprenørar som arbeida med miljørådgjeving. Eg la særleg vekt på konsulentarbeid i høve til Miljøfyrtårn og lærde mykje om tenesteøkonomien, entreprenørskap og rådgjeving i høve til miljø. Eg reiste rundt i Sør-Noreg og intervjua til saman ti kvinnelege entreprenørar.

Jobben i Frivilligsendtralen i Stord kommune

I dag arbeider eg i ei prosjektstilling hos Frivilligsentralen i Stord kommune. Eg har svært varierte arbeidsoppgåver og får vera med å skapa mykje. Eg driv hovudsakleg med kontorarbeid og møteverksemd, som resulterer i arrangement, aktivitetstilbod og tilstellingar. Eg får høve til å møta mange spanande og dyktige menneske som arbeider både i kommunen, men òg svært mange frå lokale lag og organisasjonar.

Det kjekke med jobben er at ein raskt ser resultat av det me arbeider med. Til dømes har eg arbeida mykje med prosjekt som ”Folkehelsedagar”, ”BUA Stord” og ”Open hall”. Det neste prosjektet me skal i gong med går på etablering av fleire møteplassar på dagtid. Ein kan på mange måtar sei at eg arbeider mykje med folkehelse i høve til sosiale relasjonar og aktivitetstilbod.

Geografi og arbeidsrelevans

Eg arbeider mykje tverrfagleg, med ulike einingar og kollegaer med heilt andre utdanningar, stillingar og erfaringar enn meg. Den tverrfaglege utdanninga gjer at eg interesserer meg for mykje og kan litt om fleire ulike fagområde. I det daglege arbeider eg mykje med integrering, møte mellom menneske, lag og organisasjonar og ikkje minst med berekraftig utvikling gjennom delingsøkonomi. BUA Stord er ein av dei første BUA-ordningane på Vestlandet, og er eit utstyrsbibliotek der ein kan låna frilufts- og aktivitetsutstyr utan at det kostar noko. Dette gir høve til at ein kan prøva ulike aktivitetar utan at ein treng å kjøpa alt, i tillegg sett ein fokus på at ein ikkje treng å eiga alt utstyr, men at ein heller kan låna det ein treng. Geografien tek òg føre seg møte mellom menneske, korleis fysiske møter er annleis enn møter over nett og telefon. Teoriar og metodar om korleis ein ser på verda og stiller seg til andre menneske, er nyttige i jobben min.

Særleg mastergraden gjorde meg meir sjølvstendig, som igjen har gitt meg betre sjølvtillit i arbeidslivet. Eg lærte mykje både av feltarbeidet, men òg av skriveprosessen og arbeidsmengda som ligg i ei så stor oppgåve.

Det viktigaste er å studera noko som intresserer deg

Synes du det er kjekt og trives du med studiet, fortsett med det! Det viktigaste er å studera noko som interesserer deg. Kunnskapen og erfaringane du gjer vil du alltid få bruk for, uansett kva du vel å gjera seinare i livet. Dersom du er usikker på kva du vil studere, er òg geografi eit godt val. Her får du høve til å spesialisere deg i ulike retningar alt etter kva du interesserer deg for, samstundes som du får ein brei kompetanse innanfor fleire område.