Hjem
Institutt for geografi

Prosjektmedarbeidar ved Senter for nyskaping på Høgskolen i Bergen

Svein Gunnar Sjøtun har ein bachelorgrad i utviklingsstudiar med spesialisering i geografi. Han jobbar som prosjektmedarbeidar ved Senter for nyskaping på Høgskolen i Bergen.

Hovedinnhold

Eg likte at geografi hadde det tverrfaglege ved seg og at ein er opptatt av å studere ulikskapen i verda og fordelinga av ressursar.

Av: Hanne Kvilhaugsvik

 

Kan du fortelje litt om arbeidet ditt som prosjektmedarbeidar ved Senter for nyskaping? Kva består arbeidet ditt av? Kva er dine konkrete arbeidsoppgåver?

Eg er inne i eit engasjement knytt til eit prosjekt ved Senter for nyskaping. Eg arbeider med dokument som søknadar og rapportar, og undersøkjer korleis bedrifter framstiller seg. Eg utfører også intervju med ulike tilretteleggjarar for innovasjon og entreprenørskap, som klyngefasilitatorar og prosjektleiarar. Spørsmåla eg arbeider med er mellom anna korleis aktørar blir påverka av det å vere med i ei næringsklynge, og korleis framstillinga spesielt blant bedrifter i klynger endrar seg etter introduksjonen av eit klyngeprogram.

 

Kva er det beste med jobben din – og det mest utfordrande?

Det var mykje mindre skummelt enn eg hadde trudd det skulle vere på førehand! Eg synst det er lett å la seg inspirere av arbeidet og eg ser at alt har ein overføringsverdi.  Det utfordrande var nok det at det var mange forkortingar å forhalde seg til i starten, og ein del av kjerneteorien på feltet var litt nytt for meg. Men eg har også sett det at ein kan alltid bidra med sitt.

 

På kva måte er utdanninga di relevant for arbeidslivet?

Geografi omfattar det meste, så det er heilt klart relevant for arbeidslivet. På eit vis er det eg arbeider med no ei vidareføring av det å vere student. Det er mykje dei same arbeidsoppgåvene som under studiane, men så er det likevel ein jobb med tidsfristar å forhalde seg til.

 

Kva var din første jobb etter enda utdanning? Korleis opplevde du overgangen frå studiar til arbeidsliv?

Min første jobb etter at eg var ferdigutdanna var faktisk som nattevakt på eit hostell i Irland. Det var eigentleg ikkje så gøy i lengda. Eg har sett at det kan ta litt tid før ein finn seg ein relevant jobb. Likevel, som geografi er ein svært anvendeleg og det er behov for geografar innanfor t.d. forvaltning, planlegging og rådgiving. Eg trur nok at motivasjon er svært viktig for at ein skal finne seg ein jobb ein er godt nøgd med.

 

Kvifor valde du å studera utviklingsstudiar med spesialisering i geografi ved UiB?

Det var først og fremst utviklingsstudiar eg ville studere. Då eg byrja som student visste eg nok ikkje heilt kva geografi faktisk var. Eg trudde det var slik som det blei undervist på skulen, men det var faktisk litt misvisande. Bachelorprogrammet i utviklingsstudiar er bygd opp slik at ein følgjer eit felles opplegg det første året. Det tredje semesteret vel ein så å spesialisere seg innanfor enten administrasjon og organisasjonsvitskap, geografi, samfunnsøkonomi eller sosialantropologi.

Eg valde då å spesialisere meg innanfor geografi. Eg likte at geografi hadde det tverrfaglege ved seg og at ein er opptatt av å studere ulikskapen i verda og fordelinga av ressursar. Sidan vi valde ulike fordjupingar innanfor utviklingsstudiar, var det interessant å sjå korleis vi etter kvart blei forma av faget vårt. Dei aller fleste på studiet mitt var dessutan på utveksling, sjølv reiste eg til Bolivia. Etter at eg var ferdig med bachelorgraden ved UiB reiste eg til Irland for å ta master i samfunnsgeografi.

 

Kva var det beste med studietida ved UiB?

Det faglege var spennande, men det var jo andre ting enn studiane som var viktig òg. Det var flott å bli kjent med folk og byggje eit sosialt nettverk. Under studiane i Bergen jobba eg på Hulen, som er ein utestad og rockeklubb; eg var også med i Amnesty si studentgruppe i Bergen.