Hjem
Institutt for geografi
Feltkurs

Feltdagar til Hystad på Stord

Feltundervisning er ein viktig del av undervisninga i geografi. Studentane på GEO112 Vegetasjon, klima og marin geografi var i starten på september på feltkurs på Stord.

Gruppe 1
Gruppe 1 i felt.
Foto/ill.:
Anders Lundberg

Hovedinnhold

På Stord blei studentane nærare kjende med Hystad naturreservat, oppretta for å ta vare på ulike typar edellauvskog. Svartorskogane her er mellom dei flottaste og mest velutvikla i Noreg. Eit viktig føremål med feltkurset var å lære korleis menneske har påverka natur og landskap i fortid og notid, og korleis dette gir effektar for landskapsutviklinga i dag og i framtida.

 

Feltkurset var førebudd gjennom seminar. I felt arbeidde studentane i smågrupper, kvar med sine tema. Etter feltkurset skal smågruppene presentere sine tema i plenum, med ein gjennomgang av teori og omgrep frå faglitteraturen og førelesingane, illustrert med observasjonar og foto frå felten.

 

Fagleg ansvarleg

Anders Lundberg