Hjem
Geofysisk institutt
Nyheter

Vitskaps-symposium for Geofysisk Institutt

Geofysisk Institutt er hundre år i 2017, og i oktober vart jubileet markert med eit vitskapleg symposium om klima, energi og geofysikk

Deltakarar på symposiumsmiddagen på Fløyen
Deltakarar på symposiumsmiddagen på Fløyen
Foto/ill.:
Geofysisk Institutt

Hovedinnhold

Den 2. og 3. oktober arrangerte Geofysisk Institutt eit vitskapleg symposium som eit ledd i feiringa av sitt eige hundreårsjubileum i 2017. I løpet av to svært interessante og lærerike dagar, bidrog både studentar og tilsette ved Geofysisk Institutt, samt internasjonale ekspertar, med engasjerande innlegg om dei ulike fagfelta som det dagleg vert jobba med på instittutet.

Instituttleiar Nils Gunnar Kvamstø opna den første dagen av symposiet med å fortelja litt om GFI si historie og instituttet si rolle i dag. Han takka programkomiteen beståande av Peter Haugan, Christoph Heinze og Linda Vagtskjold for deira bidrag til å sette saman eit spanande program, i tillegg til rektor ved UiB, Dag Rune Olsen, for institusjonell og økonomisk støtte.

Resten av dagen innehaldt føredrag med fokus på dei fire forskingsgruppene ved Geofysisk Institutt: meteorologi, oseanografi, biokjemi og klimadynamikk.  Tilhøyrarane fekk servert inspirerande føredrag frå internasjonale ekspertar, eit innblikk i kva dei fire forskingsgruppene bidrar med, og utvalte forskingshøgdepunkt frå tilsette ved GFI.

Dag to markerte startskotet for den nye satsinga for Universitetet i Bergen innan klima- og energiomstilling. Dekan ved det Matematiske og Naturvitskaplege Fakultet, Helge K. Dahle, påpeika geofysikken si rolle både i å finne ut korleis ein kan utvinne olje, at dette ikkje er bra for klimaet, og korleis ein kan løyse problemet.

Gjennom dagen vart det sett på klimaforsking og energiomstilling si rolle i samfunnet. Ein fekk forklart korleis klimasystemet verkar, og den menneskelege dimensjonen ved klimaendringane. Nyare forskingsaktivitetar innan fornybar energi ved GFI vart presenterte, i tillegg til ein relativt optimistisk visjon om framtidas energisystem frå DNV GL.

Symposiet vart avslutta med ein paneldebatt om klimautfordringa og energiomstillinga, leia av Anne Jortveit. I panelet satt Dag Rune Olsen (UiB), Gunnar Eskeland (NHH),  Jannicke Hilland (BKK), Bjørn Haugland (DNVGL), Ragnhild Freng Dale (Stipendiat v/ University of Cambridge) og Sølve Sondbø (Klima og naturressurssjef v/ Hordaland Fylkeskommune).

Arrangementet vart strøyma direkte. Lenkjer til opptak av dei mange interessante presentasjonane finn du i nedtrekkmenyen under. Her ligg også lenkjer til PDF-versjonar av posterpresentasjonane som vart haldt under lunsjpausen på dag ein.

Lenkjer til streaming og posterpresentasjonar

Posterpresentasjoner