Hjem
Geofysisk institutt
Nyhet

Tre nye EU-prosjekt om Arktis og klimavarsling

Nansensenteret og Stein Sandven leier prosjektet som får 15,5 millionar Euro for å bygge eit betre observasjonssystem i Arktis. Også to andre nyfinanserte EU-prosjekt involverer Bjerknesforskarar og forskarar frå Universitetet i Bergen.

Stock photo of ice bergs and ocean
ICE BERG WARNING: A warmer climate in the Northern Areas could result in the decreased creation of deep water, for example, by increasing amounts of fresh water from the Greenland ice sheet and Arctic running out into the ocean.
Foto/ill.:
Colourbox

Hovedinnhold

Eit stort antal forskarar på Bjerknessenteret og UiB var nøgde i dag, fredag 24. juni. Tre nye EU-prosjekt ser no dagens lys, og forskarar frå alle dei fire Bjerknespartnarane er involvert. Dei tre nye EU-prosjekta INTAROS, Blue-Action og APPLICATE handlar alle om Arktis og forbetra ver- og klimavarsling.

Nansensenteret vart det lunsj med sprudlande glas etter at meldinga tikka inn frå Det europeiske forskningsprogammet Horizon2020. Forskningsdirektør Stein Sandven har all grunn til å vere nøgd, etter at søknaden om 15,5 millionar Euro til prosjektet Integrated Arctic Observing System (INTAROS)  no blir finansiert. Prosjektet inkluderer 48 samarbeidspartnarar fordelt på tjue land tvers over Arktis, i Sibir, Nord-Amerika og Europa.

– Det er eit stort prosjekt for bergensmiljøet, seier Sandven, som er forskningsdirektør på Nansensenteret.

Av Bjerknespartnarane inkluderer INTAROS forskarar ved UiB, Havforskningsinstituttet og Nansensenteret. Prosjektet inkluderer forskarar på tvers av disiplinar, både naturvitskaplege og samfunnsfaglege. Ansvarleg forskar for UiB i INTAROS er Mathilde Sørensen ved Institutt for geovitskap.

– Prosjektet er tverrfagleg, me skal ikkje berre sjå på klima og operasjonelle tenester, men også undersøke korleis situasjonen er for urfolk i Arktis, til dømes korleis må dei forhalde seg til klimaendringar, seier Sandven.

Han peiker på at det er stort behov for fleire observasjonar i Arktis. Mange deler av Arktis har ein lite observasjonar, klimamodellar spriker, det er kort sagt eit stort behov for meir data.

Prosjektet Blue-Action: Arctic Impact on Weather and Climate er koordinert av Danmarks Meteorologiske Institut. Prosjektet APPLICATE er koordinert av Thomas Jung ved det tyske Alfred Wegener Insitut, og bring saman forskarar som arbeider med vervarsling og klima. Begge prosjekta undersøker samanhengar mellom endringar i Arktis og endringar i ver og klima på våre breddegrader.

Dei ansvarlege forskarane frå Geofysisk institutt er:

APPLICATE (Helge Drange), Blue Action (Tor Eldevik) og INTAROS (Truls Johannessen).

Vi gratulerer alle involverte!

Denne saka er og publisert på Bjerknessenteret for klimaforsking sine nettsider.