Hjem
Griegakademiet – Institutt for musikk
Avslutningskonsert

Fornuft og kjensle

Ingrid Eriksen Hagen, stipendiat i Program for Kunstnerisk Utviklingsarbeid, held sin offentlege presentasjon av kunstnerisk resultat mandag 14.11 kl 18.00 i Stranges Stiftelse, vis-a-vis Klosteret på Nordnes. Tittelen på prosjektet er "Fornuft og kjensle - å framføre musikk av Carl Philipp Emanuel Bach".

Hovedinnhold

I møtet med Carl Philipp Emanuel Bach sin komplekse og uttrykksfulle musikk – med klavikordet, som er like intenst og nyanserikt som det er sart og lydsvakt – med tankane om musikalsk empati; der utøvar og lyttar saman opplever det sanne innhaldet og kjenslene i musikken – oppstår ein trong til nærleik, intimitet.

Men kor nær kan me kome? Kor nær vil me kome?

Nær nok til å høyre instrumentet. Nær nok til å forstå kva musikken seier – til å følgje med i alle dei vedunderlege svingane av – skarpt vidd. Djupaste alvor. Ømmaste kjærteikn. Boblande glede. Tanken som ikkje let seg – let… seg… – …

Men så knirkar golvet. Nokon snur på seg. Klarar ikkje høyre. Kvifor speler ho så svakt? Klarar ikkje forstå. Så mange notar. Fryktelig fort heile tida! Kven var no eigentleg denne fyren – det er veldig lenge sidan han levde?

Ingrid E. Hagen har fordjupa seg i spenningsfeltet mellom intimitet og avstand. Ho har prøvd ut ulike måtar å kome nærmare på, kjend på motstanden som oppstår i ulike situasjonar.

På avslutningskonserten vil publikum få oppleve dette spenningsfeltet. Klavikordmusikk triangulert med skjønnlitterære og poetiske tekstar, varmande kammermusikk framført saman med Øivind Nussle (fiolin) og Hans Gunnar Hagen (bratsj), samt eit så nært møte med klavikordet at du ikkje kan kome nærmare.

Dessutan vil det bli vist filmutdrag frå tidlegare delar av prosjektet, og CD’en "für Kenner und Liebhaber" blir sleppt på konserten.