Hjem
Griegakademiet – Institutt for musikk
Ledige stillingar ved Griegakademiet

Undervisningsstillingar (universitetslektor, mellombels)

Ved Griegakademiet - Institutt for musikk er det ledig mellombelse undervisningsstillingar (6 – 12 månader) i fleire utøvande disipliner, komposisjon og direksjon. Søknadsfrist: 12. juni 2017

Slagverk
Foto/ill.:
uib.no

Hovedinnhold

Griegakademiet gjev undervisning på om lag 30 utøvande hovud- eller bi-disipliner i alle studieprogram. Opptak av studentar varierer frå år til år. Tilsetjing i desse stillingane skjer difor etter undervisningsbehov og for opptil eit år. 

Søkjarar må normalt ha oppnådd norsk mastergrad/hovudfag eller tilsvarande utanlandsk grad innan aktuell disiplin. Søkjarar må kunne vise til utøvande praksis på høgt kunstnarleg nivå og relevant erfaring frå undervisningsarbeid. Tilsetjing vil normalt vere som universitetslektor, men tilsetjing som førsteamanuensis eller professor er også aktuelt viss søkjar kan dokumentere slik kompetanse.

Tiltreding frå 1.9.2017 eller etter nærare avtale.

For meir informasjon om stillingane og for å levere elektronisk søknad, gå inn på JobbNorge