Hjem
Griegakademiet – Institutt for musikk
Høgtideleg og mangfaldig konsert

Griegakademiet opnar semesteret!

Griegakademiet – Institutt for musikk inviterer til storslått semesteropning i Johanneskyrkja.

bilete av tårnet til johanneskyrkja mot blå himmel og grønn eføy til venstre i bildet
Foto/ill.:
Alexander Lund

Hovedinnhold

Studentar frå alle studieretningar på Griegakademiet gir denne høgtidelege opninga eit stort sjangerspenn.

Vi får høyre strykarar frå Griegakademiet i samspel med det stavangerbaserte ensemblet 1B1. Det kjem eit folkemusikalsk innslag frå Ole Bull Akademiet på Voss. Messingblåsarar, slagverkarar, kor og organist vil framføre John Rutters storslegne verk "Gloria" under leiing av Helge Haukås. Jazzavdelinga feirar 10 år i studieåret 2014/2015, og denne kvelden vil dei gi oss ein smakebit frå sin eigen jubileumskonsert 29. august.

Konserten er gratis og open for alle! Meld deg gjerne på her: https://www.facebook.com/#!/events/1446674342256905/

Dørene opnar kl. 19:00