Hjem
Griegakademiet – Institutt for musikk
Boklansering og gratiskonsert i Grieghallen

Musikkterapi og demens på Festspillene 2016

Med støtte frå GC Rieber Fondene, vert musikkterapi og demens eit tema på Festspillene i 2016 som i 2015. Arrangementa er kome i stand i nært samarbeid med GAMUT - Griegakademiet sitt senter for musikkterapiforskning.

Helge Jordal
Skodespelaren og songaren Helge Jordal er ein sentral aktør i konserten "Sanger fra smitt og smau" torsdag 2. juni.
Foto/ill.:
Hans Fredrik Asbjørnsen

Hovedinnhold

 

Onsdag 1. juni kl. 17.00 i Christie Café er det lansering av boka «Musikkterapi og eldrehelse», gitt ut av Universitetsforlaget med Brynjulf Stige og Hanne Mette Ridder som bokredaktørar. Nestor i norsk forsking på aldring og helse, Knut Engedal, held eit miniføredrag. Det vert også musikkinnslag av Førde seniorkor.

I forlenginga av dette arrangementet, kl. 18.00-19.30, vert det så eit gratisarrangement i Universitetsaulaen, med tema «Å leve med demens – som pårørende», der Bente Bratlund og Karl Seglem bidrar med diktlesing og musikk, og der Sverre Chr. Wilhelmsen leiar ein samtale der også sjukepleieforskar Eva Gjengedal og musikkterapeut Solgunn Knardal deltek.

Dagen etter, den 2. juni kl. 13.00, vert det ein stor gratiskonsert i Grieghallen: "Sanger fra smitt og smau" med m.a. Helge Jordal. Konserten vert spesielt tilrettelagd for menneske med demens og deira pårørande.

Sjå Festpillene i Bergen sine heimesider for meir informasjon om arrangementa.