Hjem
Det humanistiske fakultet

Bytte av studieprogram ved Det humanistiske fakultet

Studentar på årsstudium, bachelorprogram eller profesjonsstudium kan søke om intern overgang til fleire bachelorprogram ved HF. Det er også mogleg å søke om intern overgang til andre fakultet.

Tegninger av blå UiB-ugler
Ikkje alle havnar på rett studieprogram når dei begynner å studere. Heldigvis er det fullt mogleg å søkje overgang til eit anna studieprogram om ein har valt feil.
Foto/ill.:
UiB

Hovedinnhold

Går du på eit årsstudium og ønskjer å fortsette studia på eit bachelorprogram? Eller kunne du tenke deg å gå på eit anna bachelorprogram? Ordningen med intern overgang gir studentar høve til å bytte studieprogram.

Kven kan søke om overgang?

Dersom du søker overgang frå eit bachelorprogram, integrert masterprogram eller profesjonsstudium, må du ha minimum eitt heilt semester med gyldig studierett igjen på programmet du går på. Dersom du søker overgang frå eit årsstudium, kan du søke også i det siste semesteret på årsstudiet.

Studentar med andre studierettar kan diverre ikkje få innvilga overgang.

Søke overgang frå eit anna fakultet

Studentar med studierett på program ved andre fakultetet kan søke overgang til bachelorprogramma som er opne for overgang på HF. Ved intern overgang til eit nytt bachelorprogram avsluttar vi den noværande studieretten din. Ikkje søk overgang dersom du vil behalde studieretten du allereie har.

NB: Studentar med gyldig studierett på eit studieprogram ved eit anna fakultet treng ikkje søkje om overgang berre for å ta enkelte emne på bachelornivå ved HF. Eventuelle unntak frå dette vil gå fram av emneomtalen. Dersom du vil ta enkelte emne ved HF, treng du berre å undervisnings- og vurderingsmelde deg i emnet du ønskjer å ta.

Kva program kan du søke om overgang til?

Desse bachelorprogramma er opne for intern overgang:

  • Arabisk
  • Arkeologi
  • Engelsk
  • Filosofi
  • Fransk
  • Historie
  • Italiensk
  • Kjønnsstudium
  • Klassisk filologi
  • Kulturvitskap
  • Kunsthistorie
  • Litteraturvitskap
  • Nordisk språk og litteratur
  • Norrøn filologi
  • Norsk som andrespråk
  • Religionsvitskap
  • Russisk *
  • Spansk språk og latinamerikastudium
  • Språkvitskap
  • Teatervitskap
  • Tysk

 * For studentar som ikkje kan dokumentera kunnskapar tilsvarande RUS100, eller har greidd den fagdiagnostiske testen som blir arrangert i starten av kvart semester, er RUS100 eit obligatorisk emne for å kunne ta vidare studium innan bachelorprogrammet.

Andre program:
Bachelorprogrammet i kinesisk har eit avgrensa tal studieplassar, så overgang blir berre innvilga dersom det er plass på studieprogrammet. Søknad om overgang til dette programmet sendast på e-post til post@hf.uib.no.

Det vert ikkje gitt overgang til Bachelorprogrammet i japansk.  

Korleis søker du?

Du søker om overgang på Søknadsweb.

Søknad om overgang til Bachelorprogram i kinesisk og overgang mellom lektorutdanningane sendast på e-post til post@hf.uib.no.

Søknadsfrist

  • Frist for vårsemesteret: 1. november (Søknadsweb opnar 1. oktober)
  • Frist for haustsemesteret: 1. juni (Søknadsweb opnar 1. mai)

Når får du svar?

Du får svar på søknaden på e-post innan Studentweb opnar for semesterregistrering (måndag i veke 25 for hausten, og måndag i veke 50 for våren). Då vert den opphavelege studieretten din avslutta, og du får ein ny studierett på det nye programmet. Lengda på studieretten du får på det nye programmet vert justert ut frå kor mykje du har igjen for å fullføre grada.